HELSENORGE

Nytt Helsefellesskap skal gi betre samhandling med og om pasienten

Gjennom Helsefellessskapet skal pasientar og brukarar motta eit meir heilskapleg tilbod om helse- og omsorgstenester. Fredag 16. september gjekk startskotet for ei ny samarbeidsform.

Områeutval
 Helsefellesskapet har konstituert seg og blitt  kjent med kvarandre i områdeutval og strategisk samarbeidsutval.

Folk frå 18 kommunar, spesialisthelsetenesta, dei private ideelle, brukarar av helsetenestene og fastlegar var samla i  i Nordhordaland helsehus. Fleire av dei har i mange år har vore aktivt med i utvikling av helsetenestene gjennom samarbeidsutvala i helseregionen. Men denne fredagen markerte starten på noko nytt, der brukaren får ei endå tydelegare rolle enn før. 

- Gratulerer med dagen, seier viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus Randi-Luise Møgster med begeistring til om lag 70 frammøtte. 

Viseadministrerande Møgster


-For å skape gode helsetenester er vi avhengige av kvarandre, anten vi er fastlege, helsepersonell på sjukehus eller i kommunehelsetenesta. Samhandling er krevjande og dialog er nødvendig. Ikkje minst må brukarane av helsetenestene få ta del i dialogen om utviklinga av helsetenestene, seier Møgster (på bildet).

Eit viktig organisatorisk grep i Helsefellesskapet er at brukarar av helsetenestene og fastlegar er representert på alle nivå: Det gjeld dei fire områdeutvala (Nordhordland, Bergen kommune, Voss lokalsjukehusområde og Bergensregionenområde) og i Strategisk Samarbeidutval (SSU) som skal behandleog følgje opp prinsipielle saker som gjeld heile helsefellesskapet.

Helsefellesskapet er ei vidareutvikling av samarbeidet som eksisterer mellom Helse Bergen og dei 18 kommunane i føretaksområde. Etableringa av Helsefellesskapet har bakgrunn i føringar frå Nasjonal helse- og sykehusplan 2020–2023.​ Arbeidsgruppa har vore leia av Møgster, og seksjonssjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune er ein av dei som har vore med i planlegginga. Han presenterte satsingsområda for Helsefellesskapet.


Helsefellesskapet arbeider mot betre koordinerte tenester for:

  • barn og unge
  • personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
  • skrøpelege eldre
  • personar med fleire kroniske lidingar 


Helsefellesskapet vil med den nye samhandlingsstrukturen  oppnå: 


  • at sårbare pasientar skal bli aktive deltagere i beslutningar om eiga helse
  • at helsetilbodet skal vere likeverdig uavhengig av kva kommune ein bur i
  • sammanhengande tenester som tar vare på pasientar både når dei treng oppfølging i kommune- og spesialishelsetenesta

​​Dei fire områdeutvala har felles strategi og overordna samarbeidsavtale​, men samstundes mandat til å gjere dei tilpassingane  som er nødvendig for at helsefellesskapet skal fungere godt lokalt. Dei store variasjonane rundt om i kommunane både i folkemengde og geografi, gjer at alt ikkje kan løysast likt i dei ulike områdeutvala. Medisinsk fagleg utval og Felles underutval for akuttmedisin og beredskap vil fortsette sitt arbeid.

Strategisk samarbeidsutval blir leia av  Ørjan Raknes Forthun, kommunedirektør i Alver. Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster er nestleiar. ​Forthun la i sitt innlegg la vekt på at Helsefellesskapet må vere tydeleg på kva som er problema og kva som skal vere løysingane. SSU skal blant anna avtale korleis tenester skal planleggjast og utviklast i fellesskap, og sikre gjensidig involvering i planprosessar. Vidare skal SSU gje innspel til aktuelle nasjonale høyringar, planar etc., og vere ein pådrivar for at det vert utvikla nasjonale styringssystem, lovverk, finansieringsordningar som stimulerer til samhandling.