Pause i vaksinering med AstraZeneca i Helse Bergen

Norske og internasjonale helsemyndigheiter undersøker no om AstraZeneca-vaksinen kan knyttast til alvorlege biverknader.

Ingen vaksinering før situasjonen er avklart:

Det blir ikkje vaksinering av tillsette i Helse Bergen før situasjonen er avklart. Alle som er tildelt time for vaksinering vil bli kontakta.

Dei varsla 200 dosane med AstraZeneca blir fordelt som planlagd, men blir på lager til situasjonen er avklart. 

Oversikt over vaksinering i Helse Vest

Har du nyleg fått AstraZeneca-vaksinen og føler deg dårleg?

«Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet (FHI) ber om at personar under 50 år som har fått AstraZeneca-vaksinen, og opplever kraftig økande sjukdomsfølelse meir enn tre dagar etter vaksinasjon, og ser større eller mindre blå flekkar i huden (hudblødningar) oppsøker fastlege eller legevakt så snart som mogleg.» 

Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ei oversikt over kva som er vanlege biverknader etter AstraZeneca-vaksinasjon, og kva vaksinerte bør være merksame på.