Her er det nye brukarutvalet

Brukarutvalet i Helse Bergen for 2019-2020 er no på plass.
- Brukarane og dei pårørande er viktige dialogpartnarar og premissleverandørar for å sikre gode og likeverdige helsetenester til alle innbyggarar i opptaksområdet vårt.

Brukarutvalet i Helse Bergen 2019-2020
Brukarutvalet for 2019-2020: (F.v) Gunnar Langlo, Hans Fevang, Inger Lingjerde, Christine Lønne, Inge Aareskjold Fiskvik (leiar), Hjørdis Dahle (nestleiar), Anita Sæløen Hop, Gifty Ama Nordbø, Linda Haugland, Reidun T Rinde og Dag Einar Liland.

Det seier viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster ved Haukeland universitetssjukehus om den viktige oppgåva til brukarutvalet.

Det er brukarorganisasjonane som har kome med forslag til kandidatar til brukarutvalet, og desse er godkjent av styret i Helse Bergen for perioden 2019-2020.

Brukarutvalet har fem faste representantar frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), to frå samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) , ein frå Fylkeseldrerådet/pensjonistforbundet i Hordaland, ein frå Kreftforeningen, ein frå interesseorganisasjon innan rusfeltet og ein frå innvandrerådet i Hordaland.

Det er også vedtatt for denne perioden at talet på medlemar i Brukarutvalet i Helse Bergen aukast frå 10 til 11 med ein representant frå innvandrarrådet for å oppnå større grad av likeverd, og for at ein skal kunne ivareta etniske minoritetar på ein betre måte.

Leiar for brukarutvalet er Inge Aareskjold Fiskvik, FFO, Norsk blindeforbund, og nestleiar er Hjørdis Dahle, SAFO, Norges handikapforbund.

Det er like mange vararepresentantar som faste medlemar.

- Det overordna målet med brukarmedverknad er å styrke kvaliteten på helsetenestene. Målet må vere at leiinga og alle tilsette skal lytte til erfaringane frå pasientar og pårørande, og bruke desse til å styrke kvaliteten på helsetenestene. Brukarutvalet og Ungdomsrådet skal bidra til at erfaringar frå brukarar også blir lytta til på systemnivå i sjukehuset, seier Møgster.

Les meir om brukarutvalet og brukarmedverknad på nettsidene våre