Voss best i klassen

Voss sjukehus har redusert bruken av breispektra antibiotika  med 35 prosent samanlikna med 2012. Og det heile fire år før Regjeringa sitt mål om 30 prosent reduksjon i sjukehus skal vere innfridd. 

 

- Vi var både letta og glade då årsrapporten for 2016 kom og vi fekk sjå tala, seier hygienesjukepleiar Unni Fosse i Antibiotikateamet ved Voss sjukehus.

Også BT har merka seg dei gode resultata på Voss.

Stor grad av fridom

Tala viser mellom anna at Kirurgisk sengepost har redusert med over 40 prosent og Medisinsk sengepost med om lag 25 prosent. Dei stadfestar også at systematisk arbeid over tid gjev resultat.

-Leiinga valde antibiotika som eit av innsatsområda  då kampanjen Smittefritt vart lansert i 2015, fortel Fosse.

Det vart etablert ei arbeidsgruppe med lege og sjukepleiar frå medisinsk og kirurgisk avdeling, farmasøyt, hygienesjukepleiar og rådgivar frå leiinga. Arbeidsgruppa vart også Voss sitt Antibiotikateam, heilt i tråd med nasjonal Handlingsplan mot antibiotikaresistens i helsetenesta,  der det er krav om at alle sjukehus skal ha eit antibiotikateam.
Teamet fekk sjølv bestemme målsettingar og tiltaksplan. Det trur LIS-lege Gro Riise frå Medisinsk avdeling har vore viktig.


Tala sin tydelege tale.

Kor kan vi bli betre?

- Vi begynte med å sjå på tala våre og gjere oss nokre tankar om kultur og ukultur ved ulike avdelingar, danna oss eit bilete av kor vi hadde mest å hente, fortel ho.

Dei samanlikna seg  ikkje med andre avdelingar på Haukeland, som har eit heilt anna pasientgrunnlag.

- I staden var vi opptatt av  å identifisere våre eigne utfordringar. Kvart sjukehus og kvar avdeling må setje seg sine eigne mål, seier Riise.

Teamet sette seg blant anna mål om at alle pasientar som står på antibiotika (ikkje profylakse) skal få revurdert antibiotikabehandlinga si innan 72 timar etter oppstart.

- Det er sjeldan vi droppar antibiotikabruken heilt for ein pasient, men vi har blitt meir bevisste på å avslutte behandlinga tidlegare eller skifte til ein smalspektra antiobiotikatype med det same vi har ein sikker diagnose og kan vere meir målretta i behandlinga, seier Riise.

 

Bevisstgjering og opplæring

Teamet har òg vore opptekne av at alle medarbeidarar skal bli meir bevisste på bruk av Nasjonal fagleg retningslinje for bruk av antibiotika i sjukehus og rett føreskriving av antibiotika. Antibiotikarettleiar skal vere tilgjengeleg ved alle datamaskiner i pasientvisittrom, og ein har auka fokus og kompetanse innan antibiotikabehandling ved å ha det som tema på undervisningsdagar og  aktuelle lege- og sjukepleiarmøter.

Kombinert med endringsvillige kollegaer og kort veg til leiinga har arbeidet sett spor. Sist veke vart Antibiotikateamet heidra med kake av direktøren. Men vossingane kviler ikkje på laurbæra av den grunn.

Kaka direktør Rolf Abrahamsen spanderte på Antibiotikateamet som takk for den flotte innsatsen. Bilete fekk han låne av Avisa Hordaland.


- Ein viss bruk av breispektra antibiotika må det vere i eit sjukehus, og på eit lite sjukehus vil tala lett kunne svinge litt, understrekar Riise. 

- Men trenden viser tydeleg at vi har gått rett veg frå 2012 til no. Målet må vere å halde oss på dagens nivå framover.


Sjå til Voss

Tala for bruk av breispektra antibiotika ved alle dei andre nivå 2-einingane i Helse Bergen var klare denne veka.

- Medan Voss har ein tydeleg reduksjon i samla bruk av desse midla, ligg andre einingar i Helse Bergen på omtrent same nivå som tidlegare år, og nokre einingar har ein liten auke frå i fjor, fortel farmasøyt og rådgivar Marion Neteland i Haukeland universitetssjukehus sitt sentrale antibiotikateam.

Det Neteland og resten av Antibiotikateamet på Haukeland no ønskjer, er at alle einingar skal gjere seg kjende med sitt eige antibiotikaforbruk og vere bevisste på kva endringar dei kan bidra med for å nå målet om 30 prosent reduksjon i bruken av desse midla innan utgangen av 2020 (samanlikna med med 2012).
Slik Voss sjukehus har gjort.