Viss vi ikkje spør får vi ikkje svar: Kva erfaringar hadde du på sjukehuset?

Haukeland universitetssjukehus jobbar kontinuerlig med å bli betre. For å få dette til treng vi å vite korleis du hadde det på sjukehuset og kva slags erfaringar du gjorde deg. No prøver vi derfor ut ei løysing for å hente inn pasienterfaringar elektronisk.

Kvifor vil vi vite korleis du hadde det på sjukehuset?

Alle som kjem til sjukehuset skal møtast med respekt og få tilstrekkelig og forståeleg informasjon til rett tid. Pasientane skal oppleve fagleg tryggleik i alle ledd, og dei skal bli tatt på alvor. Dette er kunnskap vi i sjukehuset ikkje får viss vi ikkje spør. Og viss vi skal bli betre, må vi vite.

Korleis bruker vi svara du gir oss?

Svara vi får inn vert gjort tilgjengeleg for dei som leiar de ulike einingane på sjukehuset. Viss resultata viser at det finnast områder der det er ønskje om endring, vil det være viktige bidrag til vårt forbetringsarbeid.

Anonymitet og datasikkerheit

Svara dine vil være anonyme. Viss du ikkje vil ta imot fleire tekstmeldingar med invitasjon til erfaringsundersøkingar, så kan du melde deg av når du får den første.

Spørsmål?

Kontakt Pål Frønsdal eller Inger Elise Engeland .