Ville gje noko tilbake etter kreftbehandlinga

Då Øyvind Bøe såg innsatsen som blei lagd ned for å få han frisk frå kreftsjukdommen, ønskte han å gi noko tilbake. I fjor haust gjekk han frå Oslo til Bergen for å samle inn pengar, og no skal desse nyttast i rehabiliteringa av kreftpasientar.

Publisert 27.01.2023
Sist oppdatert 30.01.2023
Overrekking av pengesjekk

Styreleiar i Haukelands venner Helge Dyrnes, og Øyvind Bøe, gir pengar til Maria Ranes og Tor-Helge Wiestad som er helse og treningsrådgivarar ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering.

​– Legen sa til meg at om eg hadde fått sjukdommen 8 år tidlegare, så hadde eg ikkje overlevd, fortel Øyvind. Men behandlinga han fekk verka, og Øyvind er i god form.

Ein dokumentar om sykkelstjerna Lance Armstrong som fikk kreft, men kjempa seg tilbake på sykkelen, fekk Øyvind til å bestemme seg for at han ikkje skulle vere dårlegare.

Han ville førebygge fatigue og andre problem som ofte kan kome i etterkant av kreftbehandling. Så han begynte å trene seg opp igjen. I august i 2022 sat han seg på toget frå Bergen til Oslo, for så å gå heim igjen. Samtidig ville han samle inn pengar til saka han ​​​brenn for: Rehabilitering av kreftpasientar. 

Pengane Øyvind samla inn​ gav han til Haukelands venner. Denne veka overrekte dei bidraget frå Øyvind, og litt til, til Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Haukeland universitetssjukehus.

To pasienter på ergometersykler og Øyvind Bøe ved siden av.

​Øyvind Bøe brenn for at kreftsyke skal halde seg i form. Her med Therese Isdahl og Rannveig Lund .

Midlane skal nyttast til å spreie undervising og kompetanse om kreft og trening ut i dei kommunane der pasientane reiser når dei er ferdige ved Haukeland universitetssjukehus.

– Vi ønsker å invitere aktørar frå kommunane til opplæringsdagar her to gonger i året, der vi har fokus på fysisk aktivitet for dei som er råka av kreft, sa helse og treningsrettleiar ved KOR, Maria Ranes, då ho tok imot gåva.

Det sosiale er også viktig

Det skjer noko ved senteret når pasientar tar seg ei treningsøkt i lag. Det handlar ikkje berre om at den fysiske formen blir betre, fortel to pasientar som sit seg på ergometersyklar i treningsrommet med namnet Pusterommet. 

– Korleis er det for de å trene medan de er under behandling? 

– Det er fantastisk! seier Rannveig Lund.

– Det sosiale, og å møte andre i same situasjon, og trøyste kvarandre. Men vi ler mest, legg Therese Isdahl til.

Dei to er einige om at dette burde ha vore eit tilbod for alle. Treninga får ein til å fungere betre i kvardagen, fortel dei. 

Det er nettopp det Øyvind også ønsker, at fleire skal få oppleve god trening og rehabilitering der dei bur. Og med alle mila han ​la bak seg frå Oslo til Bergen, har han verkeleg lagt ned ein innsats for at dette skal bli ein realitet. 

Leiar for Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Inger Thormodsen.

- Det er ein fantastisk innsats Øyvind har gjort. Berre det å komme på å gå frå aust til vest, og det var jo ikkje akkurat sommar heller, seier ein imponert seksjonsleiar ved KOR, Inger Thormodsen.

​​