Vil forebygge delirium

Onsdag gjestar ein av dei fremste deliriumsforskarane i verda, James Rudolph, Haukeland. Professor Tone M. Norekvål håper besøket kan vekke både merksemd og engasjement rundt eit problem ho meiner får alt for lite fokus.

 
​- Delirium (akutt forvirring) rammar mange eldre innlagt i sjukehus , og er dermed ei aktuell utfordring for dei aller fleste klinikkar og avdelingar, seier Norekvål (biletet).

- Tilstanden er knytt til forverring av funksjonsevne, fleire sjukehusinnleggingar og død.  Auka kunnskap om risikofaktorar for utvikling av delirium vil vere viktig for å kunne førebygge tilstanden.  Når vi veit at pasientar over 80 år kjem til å prege sjukehusbiletet i framtida, er dette  eit viktig tema å løfte fram. Samtidig er dette ein tilstand som kan ramme i alle aldrar.


Ulike typar

Delirium kan arte seg på ulike måtar, og kan forvekslast med demens, depresjon og psykisk sjukdom. 

- Det er vanleg å dele inn i tre typar delirium, fortel Norekvål. 
-Det er den utagerande og desorienterte pasienten (hyperaktivt delirium). Vidare er det pasienten som ligg heilt stille i senga utan å tilkalle merksemd (hypoaktivt delirium), og så har du pasienten som vekslar mellom desse to – frå å vere veldig aktiv, for så å sove tungt.

Det er ofte den utagerande pasienten som får mest merksemd.

50 prosent fekk delirium

Ifølge Norekvål har behovet for ytterlegare forsking innan temaet blitt etterlyst både nasjonalt og internasjonalt, men foreløpig er det  forska på delirium hovudsakleg hos hjartepasientar og hoftebrotspasientar, i tillegg til forsking på delirium under intensivopphald. Delirium hos hjartepasientar er det mellom anna ho sjølv og forskingsgruppa PROCARD som står for, gjennom studien CARDELIR.
Dette er ein studie av 143 hjartepasientar på 80 år og eldre som har blitt behandla med tradisjonell hjartekirurgi (AVR) eller ved hjelp av ny intervensjonsteknikk (TAVI). 50 prosent av pasientane i studien fekk delirium.  

- Målet er at studien vil kunne få fram kunnskap som bidreg til å førebygge delirium, og dermed potensielt  føre til redusert sjukehusopphald hjå eldre, seier Norekvål. 

Torsdag disputerer Leslie Eide på data frå CARDELIR-studien.


Hugsar forvirringa

I ein delstudie av CARDELIR som har vunne internasjonal pris vart pasientane intervjua etter heimkomst. 

- Vi vart svært overraska over kor godt dei hugsar opplevingane dei hadde, for eksempel gav dei detaljerte beskrivingar av hallusinasjonar, fortel Norekvål.

Ein av pasientane skreiv dagbok under opphaldet, og skildra episodane med forvirring tydeleg.

- I notata hennar kom det fram korleis ho gjekk inn og ut av delirium. Pasientane opplevde at det var spesielt ille om kveldane og nettene. Den påverknad delirium kan ha på nattesøvnen skal vi også forske vidare på no.

Vil halde fram forskinga

Norekvål og forskingsgruppa hennar skal halde fram arbeidet med delirium hos hjartepasientar.

- Berre på vår avdeling har vi mykje å ta tak i, seier ho.
- Men problemet krev tverrfagleg innsats, så på sikt håper eg vi kan få til noko også på andre avdelingar.

Delirium er aktuelt også ved andre kirurgiske inngrep, og kan også oppstå som følgje av til dømes  infeksjonar.

Per dags dato finst det ingen overordna prosjekt på førebygging av delirium som Norekvål  kjenner til.  Ein veit  likevel litt om korleis tilstanden kan førebyggast.

- Det handlar om sette i verk tiltak på førehand, seier Norekvål.
- Både når det gjeld ernæring, fysioterapi og trening, i tillegg til ei bevisst haldning til medikamentbruk.

I tillegg er det viktig at pasientane har hjelpemiddel dei vanlegvis bruker tilgjengeleg rett etter operasjon, som for eksempel briller og høyreapparat. 

Norekvål nemner også eit forskingsprosjekt i Vancouver, der ein kanadisk forskar undersøker  effekten av å redusere urinkateterbruk. Dette prosjektet vil dei følgje vidare.

Men først:  James Rudolph på Haukeland onsdag, kl. 12.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka.

- Rudolph er vel verdt å setje av tid til, oppfordrar Norekvål.

- Han er kunnskapsrik og kan skape både interesse og engasjement for temaet.