Vil du bidra i psykoseforsking?

Har du erfaring med ei psykoseliding og eit ønske om å gi råd til fagfolka som forskar på slike sjukdommar? I så fall ønsker vi å høyre frå deg, for referansegruppa til Bergen Psychosis Research Group treng no fleire medlemmar.

Referansegruppa skal gi råd til forskarane om psykoselidingar
Referansegruppa skal gi råd til forskarane om psykoselidingar.

Dette er ei gruppe for dei som har erfaring med psykoselidingar, anten som pasient eller pårørande, og som ønsker å bidra inn i psykoseforskinga i Bergen. Gruppa har seks medlemmar, og ønsker no å utvide med to-tre personar til.

Referansegruppa har møte om lag ein gong i månaden i Psykiatrisk klinikk i Sandviken, og kvart møte varer ca. to-tre timar. Ein får betalt for å vere med i referansegruppa som høyrer til Forskingsavdelinga i Psykiatrisk klinikk i Sandviken, Haukeland universitetssjukehus.


Auka brukarmedverknad

- Å vere med i referansegruppa er betalt arbeid for å auke brukarmedverknaden i forskinga som blir gjort på psykosefeltet, seier Anne Blindheim. Ho jobbar som erfaringskonsulent ved Kronstad DPS, og har vore leiar for referansegruppa sidan hausten 2019.


Ho fortel at gruppas hovudoppgåve er å gi råd til fagfolka som forskar på psykose.
- Vi søker nokon som er interessert i forsking, og som vil leggje litt innsats i å vere med i denne gruppa. Det er eit krav at du må ha eigenerfaring frå psykose eller erfaring som pårørande til nokon med slike  sjukdommar. Det er også viktig at du er reflektert rundt sjukdommen og vil bidra til å fremje refleksjon i psykoseforskinga, seier Anne Blindheim.


Deltaking i gruppa vil krevje førebuing ved at ein les gjennom aktuelle dokument i forkant av møta.
- Vi ser særskild etter folk med relativt fersk behandlingserfaring, og som har eit avklara forhold til eigen sjukdom. Vi kjem også til å leggje vekt på at folk er personleg eigna til å vere med i denne gruppa, seier Blindheim.


Høyrest dette interessant ut?

Skriv ein kortfatta søknad der du fortel litt om deg sjølv, erfaringa di med psykose og om kvifor du ønsker å vere med i referansegruppa.
Søknaden sender du på epost innan 20. mars til: ove.vestheim@helse-bergen.no, leiar i erfaringspanelet for psykisk helse og rus, Helse Bergen.


Spørsmål?

Har du spørsmål om referansegruppa til Bergen Psychosis Research Group, kan du ta direkte kontakt med Anne Blindheim på epost: anne.blindheim@helse-bergen.no.

Her kan du lese meir om forsking på psykose i Helse Bergen