Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil auke beredskapen med produksjon av tørka blodplasma

Helse Bergen har fått tildelt 15 millionar kronar frå Innovasjon Norge til eit prosjekt som skal utvikle teknologi for lokal produksjon av tørka blodplasma i blodbankane.

Publisert 27.06.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Helsepersonell holder pose med blodplasma. Foto

​ – Dette gir oss ei unik moglegheit til å produsere tørka blodplasma som kan distribuerast til ambulansar, luftambulansen, lokalsjukehus, Forsvaret og kommunehelsetenesta, seier prosjektleiar Torunn Oveland Apelseth. 

Apelseth jobbar til vanleg som seksjonsoverlege på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Avdelinga har dei siste to åra jobba saman med kolleger frå Forsvaret og nordiske kolleger frå Sverige og Finland om utvikling av tørka blodplasma. Støtta frå Innovasjon Norge blei eit viktig vendepunkt for arbeidet.

– Målet med prosjektet er å få utvikla teknologi som gjer det mogleg for oss å vere sjølvforsynte med tørka plasma. Tørka plasma blir nytta i behandling av pasientar med livstrugande bløding. Rask blodoverføring reduserer dødelegheit ved store blødingar. Produktet er lett å oppbevare og ta med seg utanfor sjukehus og nyttast per i dag i alle våre luftambulansar, ved militære operasjonar og i kommunehelsetenesta, men det blir også nytta inne i sjukehus i situasjonar der det hastar med å starte behandling med plasma. Ønsket er at teknologien skal kunne delast med fleire sjukehus – både i Noreg og i Norden, fortel Apelseth.

Knapp ressurs

I dag er det kun tre produsentar av tørka plasma i verda. Alle desse er kommersielle, og kun ein av dei er godkjent som leverandør av plasma til Noreg. Det er Røde Kors i Tyskland som stadig har leveringsproblem, noko som gir Noreg usikker tilgang og dårleg beredskap.

– Blodplasma er ein knapp ressurs, så eigen produksjon er såleis eit svært viktig beredskapstiltak for blodforsyninga vår både nasjonalt og lokalt. Ein desentralisert produksjon av tørka plasma på Blodbankene i Noreg gir betre utnytting av blodgivarressursar og stabil tilgang på eit livreddande produkt. I tillegg får vi ein fleksibilitet til å tilpasse produksjon til behov ut frå beredskapssituasjon, seier Apelseth.

Langstrakt land

Noreg er i ei særstilling når det gjeld utfordringar med å sikre lik tilgang på anbefalt behandling til pasientar med alvorleg bløding. 

– Folk som bur i distrikta, og spesielt dei som bor i Nord-Noreg, har lang transporttid til sjukehus. I tillegg er ambulansetransport ofte utfordrande. Derfor må vi lage gode system for å sikre tilgang til blodtransfusjon for pasientar med livstruande blødingar lokalt, seier ho.

Prosjekt over tre år

Prosjekteier er Laboratorieklinikken ved Gunnar Mellgren. Seksjon for forsking og innovasjon ved forskings- og utviklingsavdelinga har vore sentral i arbeidet med å skaffe finansiering til prosjektet, saman med Sykehusinnkjøp. 

– No er prosjektstrukturen sett, og vi arbeidar no med å sluttføre prosjektdirektiv samt med informasjonsmateriell som skal sendast til potensielle leverandørar av teknologien. Det blir sendt ut invitasjonar til marknadsdialog i juni der vi ønsker at potensielle leverandørar av denne teknologien skal melde seg, seier Apelseth.

Les meir på tema-sidene om tørka blodplasma ​