Det nye underjordiske bybanestoppet er eit av dei store
utbyggingsprosjekta som skal pågå på Haukelandsområdet dei neste åra.
Les alt om endringa på sidene til Skyss.
Nye buss-stopp
Haldeplassen Haukeland sjukehus nord (begge retningar) blir altså lagt ned
frå og med 24. juni.
Nye haldeplassar:
• Ulriksdal (begge retningar) – for linje 2, 3, 80
• Møllendalsbakken (begge retningar) – for linje 12, 20, 21, 403
Busslinjer som blir påverka:
• Linje 2, 3, 80
Mistar haldeplass
Haukeland sjukehus nord i begge retningar, næraste haldeplassar blir mellombelse
haldeplassar ved Ulriksdal, alternativt eksisterande haldeplassar Haukeland
sjukehus sør.
• Linje 12, 20, 21, 403
Mistar haldeplass Haukeland
sjukehus nord i begge retningar, nye mellombelse haldeplassar blir oppretta i
Møllendalsbakken.
• Linje 25, 27, 28, 604
Mistar haldeplass Haukeland
sjukehus nord.
Start- og endehaldeplass blir Haukeland sjukehus sør.
Frå 12. august 2019:
Haldeplass Haukeland sjukehus nord i retning frå
sentrum blir gjenåpna (for linje 12, 20, 21 og 403), og Møllendalsbakken i
retning frå sentrum blir då stengd.
Haukeland sør det beste for mange
For mange pasientar som skal til sjukehuset, og tilsette som arbeider i
bygga på Haukelandsomårdet vil det vere lettare å bruke haldeplassen sør for
Sentralblokka – Haukeland sør. Men alle må vere førebudde på at denne
haldeplassen vil bli mykje meir travel i dei åra Haukeland nord er
stengt. Statens vegvesen arbeider med tiltak for å blant anna redusere
sykkeltrafikk forbi haldeplassen.
Frå Haukeland sør er det følgande anbefalte gangvegar inn på
Haukelandsområdet:
For passasjerar som går av på Haukeland sør – i retning
sør:
- Unngå å krysse Haukelandsvegen, gå inn på sjukehusområdet langs
Konrad Birkhaugs hus
For passasjerar som går av på Haukeland sør – i retning
nord.
- Skal du til Sentralblokka, Glasblokkene, BB-bygget eller Labbygget er det
anbefalt å bruke gangtunellen under sjukehuset og gå opp trappa inn til
Sentralblokka.
- Skal du til Konrad Birkhaugs hus eller Marie Joys hus er det anbefalt å
gå opp gangvegen i øst, gjennom miniparken over Haukelandstunnelen og bort til
bygga.
- Skal du til KK, Haukeland hotell, Augebygget eller andre bygg vest
på området, bruk gangtunellen under sjukehuset, gå opp trappa og til
Sentralblokka og så videre enten via sjukehusparken eller via tunellane.