Vi får nytt røntgensystem

Fredag 8/11 starter sjukehuset med å innføre eit nytt radiologisystem. Etter 11/11 vil heile Helse Vest ha same løysing. For deg som pasient betyr det at du i større grad kan undersøkast der du bur og må gjennomgå færre undersøkingar.

Systemet innførast samstundes på Hospitalet Betanien og Haraldsplass diakonale sjukehus, og den nye løysinga vil føre til auka samhandling på tvers av sjukehusa. Noe som igjen gir betre kvalitet på pasientbehandlinga.

Det nye systemet inneheld alle foto, video og radiologiske undersøkingar av pasienten. Fordi alle føretaka i Helse Vest jobbar i same database, vil vi ha meir like arbeidsprosessar og rutinar. Alle som skal ha tilgang til pasientinformasjon i det elektroniske pasientjournalsystemet vårt DIPS, vil difor ha tilgang til alle radiologiske undersøkingar – uavhengig av kva slags sjukehus som har utført undersøkinga.

Når no løysinga kjem på plass i Helse Bergen, har heile helseregionen ein felles løysing for radiologi.

I helga og i vekene etter innføringa vil det vere noe redusert kapasitet ved Radiologisk avdeling. Vi beklagar ventetida som kan oppstå og takkar på førehand for tolmodet.