Vellykka utveksling for fysioterapeutar frå Malawi

Fleire fysioterapeutar ved Haukeland universitetssjukehus og Kamuzu Central Hospital i Lilongwe har det siste året vore på spanande og lærerik utveksling / hospitering hos kvarandre som ein del av fredskorpsprosjektet innan traumatologi og akuttmedisin.

Haukelandtilsett saman med Munthali på 17. mai. Foto

Avdelingsleiar på Fysioterapiavdelinga, Grete Ege, og Samson Munthali gjekk bak fanen til Haukeland universitetssjukehus i hovedprosesjonen på 17. mai i Bergen.

I snart 6 månadar har Samson Munthali hospitert ved Fysioterapiavdelinga på Haukeland. Til vanleg er han er leiar for Fysioterapiavdelinga på KCH i Lilongwe. Her skal Haukeland vere med å byggje opp eit heilt nytt traumesenter - Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION), og fagområda fysioterapi og radiologi vil vere sentrale i traumesenterets arbeid.

Les meir om fredskorpsprosjektet innan traumatologi og akuttmedisin

Variert opphald

På avdelinga har Munthali fått vere med på behandling av pasientar på fleire kliniske avdelingar som er relevante for traumeprosjektet; Nasjonalt brannskadesenter, Intensivavdelinga, Nevrokirurgisk avdeling, Spinaleininga, Lungeavdelinga og Ortopedisk avdeling.

– Det har vore ei stor glede å bli kjent med han, seier assisterande avdelingssjef Marit Hjellestad.

Den siste månaden av hospiteringa skal Munthali vere på Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås.

Les meir om LION på nettsida til Avdeling for internasjonalt samarbeid 

Mykje å lære

– Eg har lært mykje under opphaldet på Haukeland. Ikkje berre om fysioterapi, men også om tverrfagleg samarbeid, organisering av arbeidsdagen, prioritering av oppgåver og pasientar, kommunikasjon og etikk for å nemne noko, fortel Munthali.

Kumwenda og Munthali. Foto

Stella Kumwenda og Samson Munthali har begge vore hospitantar ved Fysioterapiavdelinga på Haukeland.

Ei anna som har fått hospitere på Fysioterapiavdelinga ved Haukeland, er Stella Kumwenda. Ho er Munthalis kollega, og leia fysioterapiavdelinga på KCH medan han var på utveksling i Bergen.

Kumwenda var her ei veke i juni, og hadde ein kortversjon av programmet Munthali hadde fått vere med på.

– Vi håpar dei to har fått kunnskap dei kan bruke i det vidare arbeidet sitt på KCH og det nye tramesjukehuset som skal byggjast nær det gamle sjukehuset, seier Hjellestad.

Fleire skal til Malawi

Fysioterapeut Annette Memelink Iversen frå Haukeland har arbeida ved Fysioterapiavdelinga på KCH i snart eitt år. Ho drog til Malawi 19. august i fjor og kjem tilbake til Haukeland i midten av september. Deretter tar Martin Hansson Espedal over stafettpinna. Han reiser til Malawi 5. august og skal vere der i eitt år.

To ressurspersonar frå Fysioterapiavdelinga ved  Haukeland, Merete Malt og Cathrine Sivertsen, skal besøke KCH i løpet av hausten som eit ledd i kompetansebygging i Malawi.