Velkommen til oss, Bergensklinikkene

 Søndag 1. desember vart Bergensklinikkene ein del av Helse Bergen. - Dei er hjarteleg velkomne, og vi gler oss til å jobbe vidare saman for å få til eit best mogleg tilbod for pasientane våre, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Mai-Elin Lillevik Hagenes, Erlend Wittrup Djup,  Janicke Tillung Fredriksen og Anja Therese Midtun Murer Holst er seksjonsleiarar frå Bergensklinikken, no i Avdeling for rusmedisin.

Hansen roser medarbeidarar i både «nye» og «gamle» Avdeling for rusmedisin for innsatsen i perioden som har vore.

- Det har vore ei krevjande tid, og eg er takknemleg for den store innsatsen som er lagt ned og den positive innstillinga de har vist. Eg vil takke alle medarbeidarar for at de har sikra pasienttilbodet i denne overgangsfasen, seier Hansen.

Milepæl før vidare arbeid

Også viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster, som har leia overgangsprosessen, ønskjer Bergensklinikkene varmt velkomen og takkar for innsatsen. Ho understrekar samstundes at det framleis gjenstår mykje arbeid, sjølv om 1. desember er ein milepæl.

- No framover blir det eit viktig internt arbeid i Avdeling for rusmedisin knytt til integrasjon av fagmiljøet frå tidlegare Bergensklinikken, understrekar Møgster.

- Det skal bli utruleg kjekt å jobbe vidare for å få det beste ut av begge fagmiljø og vidareføre eit godt tilbod til pasientane.


Her kan du lese meir om bakgrunnen for at Bergensklinikkene blir ein del av Helse Bergen


Frå 1.desember har avdelingsdirektør Else –Marie Løberg i Avdeling for rusmedisin fått vel 200 nye medarbeidarar i si avdeling.

Her kan du lese meir om Avdeling for rusmedisin

- No er vi ei stor, felles avdeling med nesten 600 medarbeidarar. Eg vil ønske alle frå Bergensklinikkene hjarteleg velkomen, seier Løberg.

- Eg er stolt over at vi no har så mange gode fagmiljø og

Solveig Storbækken, leiar for KoRus Vest Bergen
medarbeidarar. Dette gir unike moglegheiter for endå større mangfald og kvalitet i tilbodet til pasientane. Dette gir også moglegheit til å lære av kvarandre – det er viktige faglege styrkar i alle einingane i «stor-AFR» som til dels er utfyllande, til dels felles.

Også KoRus Vest Bergen, leia av Solveig Storbækken (bildet), er no del av Avdeling for rusmedisin.


Kva betyr dette for dei som er pasientar i Bergensklinikken?

Frå og med 1. desember er Helse Bergen si Avdeling for rusmedisin ansvarleg for vidare behandling av alle pasientar frå Bergensklinikken. Dette får i utgangspunktet ingen konsekvensar for pasientane. Dei som har timeavtale eller avtale om innlegging ved Bergensklinikken, møter på avtalt tid og stad.

Dersom ein ikkje ønsker at vidare planlagt behandling skal skje i Helse Bergen etter 1. desember, må pasienten ta kontakt med behandlaren sin eller den seksjonen han/ho får oppfølging frå.

Når Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen, blir også pasientjournalane overførte. Det er lovfesta krav til oppbevaring og lagring av journalar og Helse Bergen har forsvarlege system for å ivareta dette kravet.


Dersom pasientar ikkje ønskjer at journalen deira skal bli overført til Helse Bergen, kan dei be om at journalen blir overført til ei anna bestemt verksemd for rusbehandling eller eit anna helseføretak.

Dei må i så fall gi melding om dette til Bergensklinikken
på tlf. 55 90 86 00 innan 15. januar. Sjølve overføringa skjer etter dette.


Historiske journalar blir overførte til Helse Bergen og arkivert.
Tidlegare pasientar som ikkje ønskjer at journalen deira skal overførast til Helse Bergen, må også gi melding til Bergensklinikken på tlf. 50 90 86 00 innan 15. januar.


Ser fram til godt samarbeid

Også Løberg takkar medarbeidarane i både «nye» og «gamle» AFR for innsatsen i haust.

- Det er mange som har lagt ned mykje arbeid for at overgangen til ei storavdeling skal bli så god som mogleg. Og sjølv etter periodar med tøffe tak og endringar er fokuset hos alle på pasientane, på fagleg kvalitet og på framtidas moglegheiter, seier ho.

Løberg framhevar at denne kulturen er felles i heile «stor-AFR»; engasjementet for pasientane og graden av fagleg integritet er svært stor.

- Eg ser fram til godt samarbeid med og kloke innspel frå både verneteneste, tillitsvalde, medarbeidarar, leiarar og menneske med erfaringskompetanse på tvers av heile storavdelinga, understrekar ho.
-1. desember er ein merkedag med eit positivt forteikn– eg håper vi alle kan gå inn i adventstida og framleis vere optimistiske, rause og sørge for god pasientoppfølging vidare.