Vårprogrammet på Vardesenteret er alt i gang

Ein god miks av veletablerte og nye tilbod gir mykje å velje mellom på Vardesenteret framover.

Klinisk ernæringsfysiolog Anita Helland i samtale med besøkande
 

Allereie i januar er det fleire kurs- og treningstilbod som startar opp, blant anna Yogagruppe, kurs i mindfullness, ernæringskurs for ungdom og Samtalegruppe for etterlatne. Sistnemnte er nytt av året.

- Vi hadde ein auke i talet på henvendelsar frå etterlatne i haust, og er glade for å no kunne tilby ei samtalegruppe for dei som har mista partneren sin, seier senterkoordinator og familieterapeut Mirjam Østevold, som vil leie samtalegruppa saman med psykologspesialist Silje Bremerthun.

Samtalegruppe for etterlatne vil vere ein møtestad der ein kan treffe andre i same situasjon og få anledning til å sette ord på tankar og erfaringar, og lytte til andre sine. Ein kan også få råd og informasjon om korleis ein kan handtere situasjonen ein er i.

Her kan du sjå Vardesenteret sitt vårprogram

I slutten av januar startar også eit nytt kurs i mindfulness. Kurset skal gi pasientar eller pårørande kunnskap om kva mindfulness er, og korleis ulike mindfulness-teknikkar kan hjelpe til å meistre ulike utfordringar og belastningar dei opplever. Kurset blir leia av psykologspesialist Silje Bremerthun.

- Vi prøver oss også med eit ernæringskurs retta mot ungdommar, fortel Østevold.
- Dette kurset arrangerer vi saman med Ung Kreft.

Yogagruppe vil vere eit tilbod to gonger i løpet av våren, den første gruppa går frå januar til mars og den andre gruppa frå april til mai.

Faste tilbod held fram

Vardesenteret sine faste tilbod held fram som før.
Likepersonane er på senteret tre dagar i veka, og kreftkoordinator er der to dagar i veka.

-  Her har vi eit fint samarbeid med 4 ulike kommunar, med mogleg utviding til ein femte kommune, fortel Østevold.

- Her må helsepersonell gjerne bruke denne kompetansen, slik at pasientar og pårørande raskt kjem i kontakt med nøkkelpersonar i sin kommune.


Rettshjelp

Kreftforeningens rettshjelp er et gratis tilbod til kreftramma og pårørande.
Kvar onsdag ettermiddag er Kreftforeningens frivillige juristar på Vardesenteret og gir råd og rettleiing rundt juridiske spørsmål.

-Når du står midt oppi ei krise er det ikkje alltid like lett å vite kva du har krav på, eller kva for spørsmål du bør stille, seier Østevold.

- Juristane kan hjelpe deg å gå gjennom saka di, skrive brev eller å formulere ein klage.

I tillegg til å halde kurs, tilbyr både psykologspesialist Bremerthun, klinisk ernæringsfysiolog Anita Helland og familieterapeut Østevold samtale med pasientar og pårørande på Vardesenteret.

Senterkoordinatoren gler seg til ein innhaldsrik vår.

– Eg håper og trur at alle vil kunne finne eit tilbod som passar for dei, seier ho.