Vardesenteret under pandemien

Vardesenteret opprettheld deler av tilbodet sitt under pandemien, men no via telefon, mail og skype.

Både klinisk ernæringsfysiolog, psykolog og familieterapeut tilbyr samtalar, men no via telefon eller skype.

I praksis vil dette seie at dei fysiske lokala på Vardesenteret er tilgjengeleg som venteareal, men dei er ikkje bemanna med frivillige, tilsette eller andre.

Følgande tilbod er tilgjengelege:

- Samtale med fagpersonane på Vardesenteret; psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, senterkoordinator/familieterapeut. Samtalene blir gjennomført på skype eller telefon
- Kreftkoordinator i kommunane er tilgjengeleg på telefon og mail
- Likepersontenesta  er tilgjengeleg på telefon
- Rettigheitstenesta (juristane) er tilgjengelege på telefon og mail

Både tilsette og likepersonar stiller også opp og er tilgjengeleg i påskeveka, om det skulle vere behov for samtalar.

Du kan kontakte Vardesenteret på tlf. 55 97 75 00 om kva  det måtte vere.

Vardesenteret følgjer dei råd og retningslinjer som blir gitt frå helsemyndigheitene og vedtaka som blir fatta blir fatta i helseforetaket og Kreftforeningen.

Følg gjerne Vardesenteret på facebook for siste nytt:

https://www.facebook.com/vardesenteret/