Vardesenteret godt besøkt

I 2019 hadde Vardesenteret heile 16 098 møte med pasientar, pårørande, helsepersonell og andre. Fleirtalet av møta er drop in-gjestar som besøker Vardesenteret på dagtid.

Frå Vardesenteret si 5-årsfeiring i november i fjor.

- Vi er glade for å sjå at det har vore ein klar auke i drop in-besøk på Vardesenteret dei siste åra, fortel senterkoordinator Mirjam Østevold.

- Vi ønskjer at Vardesenteret skal vere ein fristad og ein møteplass for kreftramma og deira pårørande, ein plass der dei kan kome innom og ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.

Meir om Vardesenteret

Vardesenteret på Haukeland er eit samarbeid mellom Kreftforeningen og Helse Bergen. På Vardesenteret kan du møte fagpersonar, likepersonar og frivillige, og tilbodet skal vere eit supplement til den medisinske behandlinga. Senteret er ein møteplass for kreftramma og pårørande, uavhengig av kreftdiagnose eller sjukdomsforløp.


Kreftkoordinator to dagar i veka

Østevold trur noko av forklaringa på auken kan vere at tilboda som ikkje krev ein avtale på førehand er utvida, som for eksempel kreftkoordinator.

- Fleire pasientar etterspør kreftkoordinator og kjem innom for å få oppretta kontakt. Frå 2019 har kreftkoordinator frå Nordhordland, Fjell og Sund og Austevoll kommune vore med i ei rulleringsordning på Vardesenteret, i tillegg til Bergen kommune. Det har gjort det mogleg å ha kreftkoordinator hos oss to dagar i veka, opplyser ho. 

Østevold peikar også på at Vardesenteret har vore sommarope dei to siste åra, og at dei heldt ope i påsken 2019. I tillegg har senteret nådd mange med informasjon via Facebook. Dei frivillige som går rundt på utvalde sengepostar i sjukehuset, kjem òg i kontakt med mange.


Dei viktige frivillige

Vardesenteret har hatt over 100 aktive frivillige i året som gjekk. Dei fleste av desse har hatt eiga erfaring som pasient eller pårørande på Haukeland og ønskjer å gi noko tilbake.

- På Vardesenteret har dei frivillige tid til å snakke med menneska dei møter og vere ein vegvisar til alle tilboda som finst der ute for pasientar og pårørande, fortel Østevold.

- Det er ikkje rart at mange av dei som kjem på besøk til oss beskriver dei frivillige som kvardagsheltar!

Då Vardesenteret markerte 5-årsjubileum i november, var det nettopp dei frivillige som vart invitert og heidra for innsatsen, saman med senteret sine samarbeidspartnarar.

- Vi ønskte å takke alle dei som gjer at vi kan ta imot så mange besøkande som vi gjer, på ein god måte, understrekar Østevold.


Tre fast tilsette

Saman med dei frivillige og likepersonar er det tre tilsette fagpersonar som utgjer det faste, daglege tilbodet på Vardesenteret. I 2019 har det vore psykologspesialist i 100 prosent stilling, klinisk ernæringsfysiolog i 20 prosent stilling, i tillegg til senterkoordinator/familieterapeut i 100 prosent stilling.

Desse fagpersonane har bidrege på samtalegrupper, dei har hatt undervisning for pasientar og helsepersonell, og i tillegg har dei leia ulike kurs. I år som tidlegare år har senteret også gitt tilbod om  mediyoga-kurs med eigen instruktør.

Vardesenteret sin psykologspesialist har i tillegg til enkeltsamtalar med pasientar og pårørande gjennomført fleire grupper med avspenning og mindfulnesskurs. 

- Vi får tilbakemelding på at kursa gir nyttige verktøy i ein krevjande kvardag, fortel Østevold. 

Psykologspesialisten har også tilbode samtalegrupper for pasientar med seinskadar, der fokus har vore å leve med ein endra kvardag som følgje av kreftsjukdommen. 

Stor aktivitet

Vardesenteret sine tilsette har vore aktive også utanfor sjukehuset i året som gjekk.

- Vi har blant anna halde foredrag for ulike pasientforeiningar, vi har besøkt fleire kommunar, vi har bidrege på ulike konferansar og vi har hatt undervisning for studentar, fortel Østevold.

I tillegg har Vardesenteret hatt hospitantar frå helse- og sosialutdanningar, og våren 2019 hadde dei besøk av fleire vidaregåande helsefagklassar.

- Her fikk vi anledning til å informere om arbeidet vårt, i tillegg fekk elevane sjå deler av kreftavdelinga og arbeidet som blir gjort der, seier Østevold.

- Opplegget vart godt evaluert av skulane, og for oss er det viktig å kome i kontakt med denne aldersgruppa.