HELSENORGE

Utviklingsplan 2035 vedtatt av Styret i Helse Bergen

Fram mot 2035 skal sjukehuset ta hand om ei aldrande befolkning og ei sjukdomsutvikling som blant anna er prega av auke i samansette lidingar. Utviklingsplan 2035 peikar retning og viser kva grep vi må gjere.

Bildemontasje med bilder fra ulike sykehussettinger. Foto

– Skal vi greie å fortsatt gi helsetenester av god kvalitet må vi førebygge og dempe veksten i behovet for helsetenester. Vi må forbetre ved å sjå etter andre måtar å yte tenester på, og få til ein betre bruk av dei ressursane vi rår over, seier Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus og ansvarleg for utviklingsplanen.

– Og så må vi prioritere. Vi må sørgje for at vi fordeler ressursane våre på ein open og rettferdig måte.

Gjesdal peikar på at behovet for helsepersonell aukar, samtidig som tilgangen blir meir usikker. Sjukehuset førebur seg òg på at dei økonomiske rammene kan blir strammare.

– Vi vil at pasientane, brukarane og deira pårørande skal delta meir, både i behandlingssituasjonane og i tenesteutviklinga.

Gruppebilde Svein Gjedrem, Ingvild Sunde, Clara Gjesdal, Eivind Hansen. Foto

F.v.: Styreleiar i Helse Bergen, Svein Gjedrem, saman med prosjektleiar for utviklingsplanen Ingvild Sunde, viseadministrerande direktør Clara Gjesdal og administrerande direktør Eivind Hansen.

13 grep for framtida

I vel eitt år har prosjektgruppa jobba med å kartleggje no-situasjon, utviklingstrekk og moglegheiter i tida framover. Det har vore ei lang prosess med brei involvering. Mange har bidratt og komme med verdifulle innspel til planen som blei godkjend av styret 27. september.
 
– Det har vore eit veldig spanande og inspirerande arbeid! Eg vil rette ein stor takk til alle våre medarbeidarar i stab og klinikk, og våre viktige samarbeidspartnarar, som har engasjert seg i korleis vi saman skal skape pasienten si helseteneste i framtida med dei moglegheiter som ligg der, seier Gjesdal. 

Gruppebilde fra arbeidsmøte med klinikkar og avdelingar. Foto

BREI INVOLVERING: Ei rekkje medarbeidarar i sjukehuset og eksterne samarbeidspartnarar har bidratt i arbeidet med utviklingsplanen. Her frå arbeidsmøte med klinikkar og avdelingar i mars.

Ho takkar også prosjektgruppa og prosjektleiar Ingvild Sunde som har lost sjukehuset gjennom arbeidet, og som har fått gode tilbakemeldingar frå både samarbeidspartnarar eksternt og tillitsvalde, verneombod og andre medarbeidarar internt om at det har vore ein god prosess.
 
I Utviklingsplan 2035 blir det lansert 13 grep  som viser korleis vi skal førebygge, forbetre og prioritere dei komande åra.


Kva skjer vidare?

Utviklingsplan 2035 skal no setjast i verk.
 
– Utover hausten vil vi arbeide med å gjere planen kjent i sjukehuset, og vi vil arbeide med å spesifisere kva vi skal gå i gang med i 2019, fortel prosjektleiar Ingvild Sunde.
 
Planen sendast til Helse Vest som skal sjå planen i samanheng med tilsvarande planar frå dei andre helseføretaka i regionen. Helse Vest skriv deretter ein samla utviklingsplan for regionen som igjen dannar grunnlag for fornying av Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Meir om Utviklingsplan 2035

Alle helseføretak i Noreg skal lage utviklingsplanar. Utviklingsplanen skal beskrive kva Helse Bergen skal tilby regionalt og nasjonalt, i eigne lokale og ambulant, og kva som skal til av innsatsfaktorar for å realisere dette.

Utviklingsplan 2035 byggjer i hovudsak på fire sentrale dokument:

  • Gjeldande Nasjonal helse- og sjukehusplan
  • Helse2035
  • Tiltaksplan til Helse2035
  • Strategi 2017-2022 for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF

Vil du vite meir om arbeidet med utviklingsplanen? Sjå nettsida for Utviklingsplan 2035