Utstyr til væskevarmeren «enFlow» blir trekt tilbake frå marknaden

Leverandøren av blod- og væskevarmaren «enFlow» har uttalt at dei trekkjer tilbake frå marknaden eingongskassettar som blir brukt i dette apparatet. Sjukehusa i Helse Vest gjennomgår no alternative løysingar. Det er ikkje meldt om pasientskadar i Noreg eller internasjonalt som følgje av bruk av desse eingongskasesettane.

Blodprøver i reagensrør. Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

Blodprøver i reagensrør. Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik.

Apparatet «enFlow» er ein væskevarmar som blir brukt til oppvarming av infusjonsvæsker og blodprodukt før desse blir gitt intravenøst. Utstyret blir produsert av Vyaire Medical og er levert av firmaet Timik i Norge. Tilbaketrekkinga gjeld i fleire land enn Noreg.

Når pasientar treng store mengder blod og væske, må dette varmast opp før det blir gitt til pasienten. Dette utstyret blir brukt til oppvarminga.

Årsaka til at leverandøren no trekkjer produktet frå marknaden er at det er påvist at bruk av «enFlow» kan føre til høge aluminiumsverdiar i den væska som går inn i pasienten.

Bruken av dette utstyret blir no avgrensa, og vil berre bli brukt i naudtilfelle, der det ikkje finst andre alternativ. Sjukehusa går no gjennom alternative løysingar, slik at ein varetek behovet for oppvarming av blod og væsker.

Det er ikkje meldt om pasientskadar i Noreg eller internasjonalt. Dei regionale helseføretaka vil i fellesskap arbeide med å kartleggje konsekvensar for pasientar og drifta.