HELSENORGE

Utbrot av bakterien Pseudomonas aeruginosa – ti tilfelle i Helse Vest

I november 2021 blei det oppdaga eit utbrot som var forårsaka av bakterien Pseudomonas aeruginosa i fleire sjukehus i Noreg. I Helse Vest er det per måndag 7. mars påvist totalt 10 tilfelle av bakterien ved tre ulike sjukehus. 

Folkehelseinstituttet koordinerer no ei utbrotsgruppe som består av fagpersonar frå alle dei fire helseregionane. Utbrotsgruppa jobbar systematisk for å kartlegge og begrense utbrotet. 

Hittil  er det varsla over 160 tilfelle ved 28 sjukehus i Norge. 
Ein mistenker at det er ei felles smittekjelde som er årsaka til utbrotet, som forurensa produkt eller medisinsk utstyr. 

10 tilfelle i vest
I Helse Vest er det per måndag 7. mars påvist totalt 10 tilfelle av bakterien. Kvart tilfelle blir no gått nøye igjennom og informasjon om pasientane og kva produkt eller utstyr som har blitt brukt blir samanstilt og analysert. Det er så langt ikkje noe som tyder på at bakterien har smitta frå pasient til pasient når det gjeld tilfella i vår helseregion. 

Fører sjeldan til sjukdom blant friske
Pseudomonas fører sjeldan til sjukdom hjå friske personar. For personar med svekka immunforsvar og for alvorleg sjuke pasientar i sjukehus, kan bakterien gje alvorlege infeksjonar som lungebetennelse og sepsis. 
Hjå fleire av pasientane vil funn av bakterien bli rekna som kolonisering og ikkje som klinisk infeksjon. FHI har utarbei​da et nasjonalt informasjonsskriv som blir delt ut til pasientar og pårørende som er berørt av utbrotet.

For meir informasjon, kontakt:
Regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Vest
E-post: smittevern@helse-bergen.no