- Vi har besøksrestriksjonar på sjukehuset, likevel opplever vi at for mange kjem på besøk. Vi ønskjer ikkje at folk kjem på besøk til pasientar mindre det er heilt nødvendig for pasienten, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
Sjukehuset er fullt, og det er mykje smitte i samfunnet. På fleirsengsrom blir det fort utfordrande å halde avstand dersom det er mange besøk.
- Ring eller bruk facetime for å halde kontakt, og dra på besøk når pasienten er komen heim. Vi skjønar at dette kan være utforande for fleire, men no er vi svært takksame for alle som bidrar, seier Hansen.
Ring før du kjem på besøk
Dei som verkelege treng å ha sine næraste på besøk skal få dette. Då er det viktig at ein avtaler med avdelinga på førehand. Kvar pasient kan berre ha to besøkande samtidig.