Unikt erfaringssamarbeid

Det nye erfaringspanelet for psykisk helse og rus er opptekne av å gå føre og vise at rus og psykisk helse heng saman.

Erfaringspanel psykisk helse og rus samla til første møte i juni 2017.

- Dei fleste som har erfaringar frå rusavhengigheit, har også psykiske vanskar ved sida av, og omvendt: mange med psykiske vanskar har også utfordringar med rus, seier Else-Marie Løberg, avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin.

Viktig og nødvendig

Dette vart også understreka av deltakarar med erfaringskompetanse frå rus på eit dialogmøte om brukarmedverknad i Avdeling for rusmedisin. Brukarane ønskte eit felles erfaringspanel og valde inn seks nye medlemmer og to vararepresentantar til å delta i det som no heiter «Erfaringspanel psykisk helse og rus».

 - Dei var opptekne av å vise at samarbeid mellom rus og psykisk helse er viktig og nødvendig, seier   Løberg.

Det er leiaren for erfaringspanelet, Ove Vestheim, svært glad for.

- Dette er noko fleire av oss i Erfaringspanel for psykisk helse har tenkt på lenge, og eg synest det er kjempebra at v i no har fått medlemmer med erfaringar frå rusfeltet med i eit felles erfaringspanel, seier han.

- Eg er både stolt og rørt samtidig.

Begge felt ønskte samarbeid

Vestheim har vore leiar for Erfaringspanel psykisk helse  i to år. Dette var det dåverande fagsjef Else-Marie Løberg som tok initiativ til, og Bergen var først i landet med eit slikt panel.  Då Løberg skulle over i jobben som direktør for Avdeling for rusmedisin i fjor, spurte ho erfaringspanelet om dei ville ha plass til nokon med erfaring frå rusbehandling i det vidare arbeidet.  Det var dei positive til, og for nokre veker sidan hadde det utvida erfaringspanelet sitt første møte.

- Eg er veldig glad for at også  menneske med erfaringskompetanse frå rus ønskte å vere med i eit felles erfaringspanel, seier Løberg.

Mange sjukehus og klinikkar har brukarpanel. Det spesielle med erfaringspanelet i Bergen er at deltakarane er der på vegne av seg sjølve, ikkje på vegne av ein brukarorganisasjon.

- Det betyr at dei er uavhengige av politiske standpunkt, dei representerer berre sin eigen unike erfaringskompetanse, understrekar Løberg.

Vandrar på tvers

Kort oppsummert skal det nye erfaringspanelet bidra til å finne ut kor skoen trykker i behandlinga av pasientar innan rus og psykisk helsevern. Dei skal vere med og gjere tenestene betre, og dei skal spreie håp.
Det er divisjonsdirektør Hans Olav Instefjord i Divisjon psykisk helsevern glad for. Han framhevar det same som erfaringspanelet sjølv peikar på:

-Psykisk helse og rus har mange av dei same pasientane – dei vandrar på tvers av avdelingane . Det er veldig viktig for oss å få tak i nettopp dei erfaringane pasientane har med desse overgangane, understrekar han.

-Fagfelta heng nøye saman og det i seg sjølv talar for eitt erfaringspanel.

Instefjord påpeikar også at eit breitt erfaringspanel vil få større slagkraft.

Mange funksjonar

Erfaringspanelet har møte kvar 7. veke. Der er det anledning for leiarar og andre frå både Avdeling for rusmedisin og Divisjon psykisk helsevern til å delta for å drøfte ulike problemstillingar.
- Det kan vere nye tenester eller anna dei ønskjer inn
spel på, fortel Løberg.
Også fylkeslegen brukar panelet  til å lufte problemstillingar innan rus og psykisk helse.

 
Medlemmene i erfaringspanelet er òg  med i ulike arbeids- og prosjektgrupper og faste utval. Dei driv allmennopplysning gjennom foredrag og undervisning på fagdagar og anna, og dei tar sjølve initiativ til tiltak eller endringar som kan gjere livet betre for pasientane.

- Dette er vegen å gå vidare, seier Ove Vestheim.

- Saman blir vi sterkare og tydelegare, og vi får fleire bein å stå på. Vi treng kompetansen og erfaringane frå rusfeltet også.