Unik brubyggar

Familieambulatoriet på Tertnes har følgt opp rundt 60 familiar sidan oppstarten for vel fem år sidan. - Det har vore fantastiske reiser med mange av desse familiane, seier psykologspesialist Kristin Lia.

 
Lia har vore med frå starten i november 2014, og er behandlingsansvarleg på Familieambulatoriet. 


Ho var bevega då ho gav eit lite tilbakeblikk frå åra som har gått under 5-årsmarkeringa på Tertnes torsdag.

- Eg er stolt og glad for å ha fått lov til å vere med og følgje desse familiane, sa Lia. 

- Ikkje minst er eg glad for det gode samarbeidet vi har med alle dykk som er her i dag.

Til stades under markeringa var sjølvsagt dei tilsette på Familieambulatoriet og resten av Seksjon Tertnes, men også mange inviterte gjestar utanfrå. Frå Avdeling for rusmedisin stilte representantar frå både poliklinikken på Murhjørnet, Ambulant team og leiinga. Også Kvinneklinikken var representert, det same var helsestasjonen i Solheimsviken, NAV Nord, jordmortenesta i Alver kommune og Bergen foreldre og barn- senter avdeling Sudmanske.

- Familieambulatoriet har heile tida vore ein brubyggar mellom tilbod, og vi samarbeider både tverrfagleg og tverretatleg for å sikre at familiane får ei heilskapleg og langsiktig oppfølging, seier Lia.

- Samarbeid har vore ein viktig verdi for oss heile vegen.

Dette vart også trekt fram av assisterande avdelingsdirektør Eirik Elsaas i Avdeling for rusmedisin, som var seksjonsleiar på Tertnes då Familieambulatoriet opna. 

- Rolla som brubyggar var vi opptekne av heilt frå starten. Og det trur eg vi har fått til. Familieambulatoriet hadde aldri fungert utan samarbeidet med alle dykk som er her i dag, understreka Elsaas.

Han var både rørt og glad over å vere tilbake, og over kva Familieambulatoriet betyr for dei som er og har vore pasientar der.

- Gevinsten ved arbeidet som blir gjort på Familieambulatoriet er enorm. For barna, for mor og far og for den utvida familien rundt. Familieambulatoriet er nasjonalt kjent, og det de får til her er heilt unikt. Vi gratulerer med fem år, og heier på dykk i fortsetjinga, sa Elsaas i si helsing til 5-årsjubilanten.