Ung forskar pris til Håkon Reikvam

Onkologisk Forum sin Ung Forskar-pris gjekk i år til lege og professor Håkon Reikvam ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. 

Håkon Reikvam er godkjent spesialist i indremedisin og blodsjukdommar og har vore tilsett i hovudstilling som LIS- lege ved Medisinsk avdeling, Seksjon for Blodsjukdommar sidan 2012. Frå 2017 har han kombinert den kliniske stillinga si med eit professorat ved Institutt for klinisk medisin 2, UiB.

Håkon Reikvam, vinnar av årets Ung forskar-pris

Håkon Reikvam, vinnar av årets Ung forskar-pris.

Onkologisk Forum deler kvart år ut ein forskingspris til ein ung forskar. Prisen er meint til å stimulere yngre forskarar. I år er prisen på
kr. 100 000,- 
I statuttane til prisen står det at “Kandidaten skal vere kreftforskar som arbeider med basal-, klinisk-, epidemiologisk- eller translasjonsforsking og som har levert forskingsarbeid av høg kvalitet. Prisvinnaren skal vere under 40 år.”


Til årets pris Ung forsker var det seks svært gode søkjarar.  Ifølgje priskomiteen var det ein av dei som skilte seg ut.

I si innstilling til prisen skriv komiteen at Reikvam
• viser ei imponerande evne til å engasjere og rekruttere yngre kollegaer samtidig som forskinga hans er banebrytande og publisert i høgt rangerte tidsskrift
• er fremadretta og held eit svært høgt fagleg nivå
• sin vitskaplege produksjon er imponerande og han nærmar seg 100 vitskaplege artiklar
• sitt hovudfokus i forskinga er biologiske og kliniske studiar ved akutt myelogen leukemi. Forskingsprofilen hans inkluderer biologiske studiar av AML-celler, transfusjonsterapi som støtte ved AML- behandling, kliniske AML- studiar og karakterisering av biomarkørar ved  ny terapi ved AML.


Reikvam er også høgt verdsett av legestudentane som undervisar, og gjennom sitt kliniske arbeid har han mange takknemlege pasientar.  Store deler av forskinga hans er utført ved sida av full klinisk hovudstilling og utgår dermed frå sjukehuset.


Reikvam vart foreslått av professorane Øystein Bruserud og Eystein Huseby, begge UiB og HUS.

Priskomiteen har bestått av:
• Bjørnar Gilje, SUS
• Ole Morten Seternes, UiT
• Andreas Stensvold, Sykehuset i Østfold (leiar)