Oppdatering laurdag ettermiddag:
Smittesporinga etter dei tre Helse Bergen-tilsette som fredag testa positivt, er avslutta. Fem pasientar er isolert. To av pasientane er testa, begge er negative. 19 tilsette er sett i karantene, ikkje 16 som først meldt.
Alle dei tre som testa positivt hadde tatt prøve ved sjukehuset sin prøvetakingsstasjon for tilsette.
- Dei tre jobbar på ulike avdelingar i sjukehuset, men vi ønskjer av personvernomsyn ikkje å gå ut med kva avdelingar dette er. Dei smitta er sendt i heimeisolasjon, smittesporing er iverksett, nærkontaktar blant kollegaer blir sett i karantene, og pasientar dei har vore i kontakt med blir isolert, sa fagdirektør Marta Ebbing fredag ettermiddag.
- Vi er også i dialog med Bergen kommune om vidare smittesporing i kommunen.
- Vi jobbar no med å finne smittevegane, og har så langt ikkje grunn til å tru at nokon av dei er smitta på jobb. Dette kan tyde på at smitten ute i lokalsamfunnet er aukande. Alle, og spesielt helsearbeidarar, må vere ekstra påpasselege og følgje gjeldande smittevernråd, seier Ebbing.
Helse Bergen har av same grunn også skjerpa smitteverntiltaka i Akuttmottak for å hindre smitte inn på sjukehuset.
- Det skal framleis vere trygt for pasientar å kome på sjukehuset, seier Ebbing.