Tre pasientar og fem tilsette covid-positive

Fem tilsette og tre pasientar som er nærkontaktar er stadfesta smitta av covid-19 på ei avdeling på Haukeland universitetssjukehus.



- Vi har no smittespora og testa både blant tilsette og pasientar og så langt har vi kontroll på situasjonen, seier smittevernoverlege Dorthea Oma.

Avdelinga har sett i verk følgjande tiltak etter utbrotet.

alle inneliggande pasientar og alle tilsette som har vore på jobb er testa

• foreløpig inntaksstopp av nye pasientar på delar av avdelinga

• Inntil vidare er avdelinga stengt for besøk.

• Regelmessig testing av tilsette og pasientar i veke 46

• Forsterka bruk av munnbind blant tilsette​

Sjukehuset  følger Folkehelseinstituttet sine råd og anbefalingar for handtering av smitte i sykehus: Spesialisthelsetjenesten – tiltak ved utbrudd/uventet smitte