Tre millionar til kreftforsking

Leiar for Senter for medisinsk visualisering, Renate Grüner, er tildelt tre millionar kroner i forskingsmidlar frå Kreftforeningen.

​Midlane skal gå til forsking på kunstig intelligens i oppfølginga av lungesvulstar, nærare bestemt  forskingsprosjektet «Oppdaging og oppfølging av lungekreft med maskinlæring».

Formålet med studien er å utvikle verktøy basert på maskinlæring for å oppdage og følgje med på skadar på lungene over tid. Målet er at verktøya skal forbetre og samtidig forenkle oppfølginga av pasientar med primær tumor eller metastaser i lungevev.

Les meir om Senter for medisinsk visualisering, som vart offisielt opna desember 2017.


Kreftforeningen har til saman tildelt 160 millionar kroner til kreftforsking i 2018.

Midlane har gått til forskingsprosjekt innan kategoriane
Betre behandling, Meir kunnskap om kreft,  Fleire skal  unngå kreft, Kreft skal  oppdagast i tide og Eit betre liv med og etter kreft.