Tre Haukelandsprosjekt får støtte frå Barnekreftforeninga

Protonterapi, hjartesjukdom og framtidas kreftbehandling er Haukelandsprosjekta som får midlar frå Barnekreftforeninga i 2021.

tildeling 2021.foto

Heile tre prosjekt på Haukeland universitetssjukehus fekk støtte på Den internasjonale barnekreftdagen i år. Camilla Hanquist Stokkevåg, Britt Engan, Dorota Wojcik, Line Balestrand Haga og Hege Kristine Fagerholt tek tildelinga. Foto: Barnekreftforeninga

Målretta protonterapi reduserer seineffektar 

Utviklinga innan strålebehandling har vore svært viktig for overleving innan barnekreft. Protonterapi, især intensitets-modulert protonterapi (IMPT), er ein av dei mest avanserte og presise behandlingsteknikkane vi har i dag. 

Sjølv om fordelane med desse teknikkane i stor grad overgår risikoen, får mange som overlever kreft seineffektar etter strålebehandling. 

Barn er ein spesielt sårbar gruppe for seineffektar på grunn av auka sensitivitet for stråling, men også fordi stadig fleire barn lever lenge etter kreft. Samanlikna med anna moderne strålebehandling, kan IMPT i stor grad redusere stråledose til friske organ, og har ein auka fleksibilitet når vi skal bestemme korleis strålane vert levert. IMPT har derfor eit stort potensiale i å redusere risiko for biverknader og seineffektar. Dette potensiale ønsker vi å videreutvikle og optimere i denne studien. 

Kardiovaskulær funksjon hos barnekreftoverlevere 

Dei siste tiåra har det vore ein enorm utvikling i behandlinga av barn med kreft, og overlevinga har heldigvis blitt svært mykje høgre. 

Utanom kreftsjukdom er hjarte- og karsjukdom den leiande årsaka til sjukdom og død hos dei som overlever kreft. Internasjonale studiar har vist at barn som overlever kreft har dårlegare fysisk form enn andre på same alder, og høgare risiko for å utvikle sjukdomar relatert til livsstil. Det er grunn til å tru at tidleg innsats med førebyggande tiltak kan redusere risikoen for hjarte- og karsjukdom, eller utsette utviklinga av slik sjukdom. Det er derfor viktig å identifisere barn og ungdomar som har auka risiko. 

I studien skal ein kartlegge om barn som har gjennomgått kreftbehandling er i dårlegare fysisk form enn like gamle kontrollpersonar, og vidare sjå på årsakene til kvifor den fysiske formen er dårlegare. 

Støtte til eit av tre kliniske prosjekt går til Haukeland 

 Haukeland Universitetssjukehus får også støtte til to studiesjukepleiarar til prosjektet «Ny kreftbehandling for barn og unge i Norge». 

  • Søkar: Overlege Dorota Wojcik på vegne av Line Balestrand Haga og Hege Kristine Fagerholt 
  • Støtte: 1 920 000 NOK