Trappar opp igjen den planlagde aktiviteten

Frå og med denne veka blir aktiviteten i Helse Bergen gradvis trappa opp igjen, både når det gjeld kirurgi og poliklinikk.

​Grunnen til dette er at tilstrøyminga av covid-19 pasientar ved sjukehusa har flata ut og til ei viss grad avtatt.
 
– Vi reknar med at dette vil vedvare, i alle fall eit par veker framover, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
 
Åtte pasientar onsdag
Grunna korona-pandemien vart over 30.000 planlagde operasjonar, behandlingar og polikliniske avtalar avlyst eller utsett i Helse Bergen i mars.
 
Onsdag var det åtte pasientar med covid-19-smitte innlagt på Haukeland. Per 13. april har Helse Bergen hatt totalt 57 pasientar innlagt med covid-19. Av dei er to døde og 47 utskrivne.
 
Vil regulere nøye
Opptrappinga av aktivitet i sjukehuset var tema på styremøtet i Helse Bergen onsdag, og fekk full tilslutning frå styret.
 
Ifølge Hansen vil den planlagde kirurgiske behandlinga som no kjem i gang igjen, vere ein kombinasjon av tung og høgt prioritert kirurgi, og lettare inngrep.
 
– Vi må prioritere pasientar med tanke på om dei får dårlegare prognose ved å vente, seier Hansen.
 
– I den prioriteringa må vi også sjå på konsekvensane dette vil ha for intensivkapasiteten og overvakingskapasiteten på sjukehuset. Tung kirurgi som krev mange timar på operasjonsstova, stort personell under inngrepet og lang postoperativ fase, må vi fortsatt regulere nøye. Eit anna omsyn vi må ta, er forbruket av smittevernutstyr.
 
Også den polikliniske aktiviteten aukar no i mange klinikkar.
 
– Denne aktiviteten er ikkje avhengig av andre delar av sjukehuset, så klinikkane gjer eigne vurderingar. Men dei må også ta omsyn til smitterisiko og forbruk av smittevernutstyr,  i tillegg til å screene pasientane for mogleg koronasmitte før oppmøte, seier Hansen.
 
Pandemifasen er ikkje over
Ved å trappe opp igjen den elektive aktiviteten, unngår sjukehuset å lage så stort etterheng når pandemien går mot slutten.
 
– Vi vil sikre at vi ikkje berre konsentrerer oss om pandemien, og så har vi ei lang venteliste etterpå, seier Hansen.
 
Han understrekar samstundes at pandemifasen ikkje er over.
 
– Vi går ikkje tilbake til ein tilnærma normal situasjon. Sjølv om aktiviteten blir skrudd opp no, kan den bli tatt ned igjen om 2–3 veker. Vi førebur oss framleis på at det kan bli mange fleire pasientar med covid-19 i sjukehuset.
 
Alle pasientar som kjem til sjukehuset skal screenast på førehand for mogleg covid-19 smitte, for å sikre at ingen tar med seg smitte inn i sjukehuset.