Trafikkendringar på Haukelandsområdet

Dei neste fire åra vil området rundt og ved Haukeland bli prega av fleire store byggeprosjekt som vil pågå samtidig. Dette vil medføre endringar for gåande, syklande og kjørande på og rundt sjukehuset.

​Dei to største prosjekta er bygginga av del 2 av barne- og ungdomssjukehuset og bygging av nytt, underjordisk bybanestopp mellom Haukeland og Haraldsplass.

Bygginga av barne og ungdomssjukehuset del to er allereie godt i gang.

Til sommaren startar Bybanen bygging av det underjordiske stoppet som skal ligge mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus.

Desse to byggeprosjekta vil påverke korleis du kan køyre, gå, sykle eller ta kollektivtransport til og rundt sjukehuset.

Kart over haukeland

Dei viktigaste konsekvensane blir:

  • Busshaldeplassen Haukeland nord blir stengt for busstrafikk. Kjem du med buss som går nordover må du enten gå av på neste stopp ved Haraldsplass eller gå av på Haukeland sør – før tunnelen under sjukehuset. Det er dette stoppet som er nærast Sentralblokka.
  • Frå Haukeland sør kan du enten gå inn i sjukehusparken og komme til Sentralblokka og dei andre bygga i parken
  • Frå Haukeland sør kan du rett inn i Sentralblokka via inngangen i sør
  • Frå Haukeland sør kan du kan frå gå inn i gangtunnelen under Sentralblokka og inn inngangen som ligg ca 100 meter inne.
Skyss vil endre sine ruter og ruteplanleggaren når endringane trer i kraft.
Det er vanskeleg å datofeste når alle endringane skjer, men skal du til sjukehuset frå sommaren 2019 av og framover er det viktig å hugse på:

  • Ver ute til avtalen din på sjukehuset i god tid
  • Sjå på skyss.no om det er endringar
  • Følg skilting på sjukehusområdet for å finne fram

Etter kvart som vi har sikre datoar for når dei største endringane skjer, vil vi fortelje om det på denne sida.