HELSENORGE

Trafikkendringar på Haukeland

Dei neste fire åra vil Haukelandsområdet bli prega av fleire store byggeprosjekt som vil pågå samtidig. Dette vil medføre store endringar for gåande, syklande og køyrande på og rundt sjukehuset.

​Allereie i juni 2019 stengte haldeplassen Haukeland nord.

Men i åra framover er det mange prosjekt som vil prege området på Haukeland. Dei viktigaste er:

1. Utbygging av bybanestopp ved Haukeland og Haraldsplass
2. Glasblokkene, Barne- og ungdomssjukehuset, trinn 2
3. Utbygging av vask- og sterilsentral
4. Haraldsplass, ny gang- og sykkelveg
6. Ibsens gate, utskifting av VA-anlegg (ferdig haust 2020)
7. Oppgradering av areal i Sentralblokka, blant anna nye heisar, foajeen, sykkeltunnel, poliklinikkareal og brannskade/ traumeintensiv
8. Protonsenteret, utbygging av tunnel.



Det vil bli skilta endra gang- og sykkelvegar - spesielt frå busshaldeplassane på Haukelandsområdet. Skal du til time på sjukehuset og ikkje har vore her på ei stund kan det vere lurt å berekne litt ekstra tid.

Det er dei tre første prosjekta som vil skape størst endringar fram til 2023:


Nytt Bybanestopp

Skisse som viser byggegropen til Bybanen

Slik vil bygginga av Bybanestoppet foregår. Foto: Bybanen utbygging

Utbygginga av nytt, underjordisk bybanestopp ved Haukeland og Haraldsplass byrja å påverke gang- og sykkelmønsteret nord for Sentralblokka allereie i september 2019 . Det kan du lese meir om i denne nyheitssaka.
Arbeidet med den nye haldeplassen inneber og at det hausten 2019 foregår sprenging under Haukelandsområdet. Det er tunnelen som skal gå frå Fløen til Kronstad som er under arbeid. Det kan vere sprenging mot tre gonger pr dag.

Glasblokkene, del 2

Model av korleis Glasblokkene vil sjå ut

Slik vil det sjå ut når det er ferdig.

Arbeidet med del 2 av Glasblokkene pågår for fullt. Etter planen skal bygget vere klart for innflytting sommaren 2023. Bygginga påverkar trafikken på Haukeland ved at det er mykje transport av lastebilar inn og ut av området.
I veke 43 vil det ikkje vere mogeleg å køyre inn i Sentralblokka via innkøyrsla i nord. Dette er fordi ein heile denne veka skal heise inn store byggelement som skal inn på byggetomta.

Les meir om denne endringa her.

Våren 2020 vil innkøyrsla i nord vere stengt permanent. Dette skjer fordi Haukeland skal bygge ny underjordisk gangtunnel mellom Sentralblokka og Glasblokkene. Alle pasientar og andre besøkande som kjem med bil og skal parkere i Sentralblokka må då køyre inn frå sør.

Utbygging av vask- og sterilsentral

Tegning av den nye Sterilsentralen

Ny sterilsentral mellom Gamle hovudbygg og Sentralblokka.

Haukeland skal bygge ny sterilsentral i området mellom Gamle hovudbygg og Sentralblokka. Sjukehuset skal no rive eit gammalt bygg som ligg vegg i vegg med Gamle hovudbygg. I rivingsperioden vil gangvegen her bli stengt. I byggeperioden blir det ope for gåande.