Torill Elin Olsen fekk Kongens Fortjenstmedalje

- Ikkje var eg kjend med at Kongen visste kva eg heldt på med, sa Torill Elin Olsen då ho takka for Kongens Fortjenstmedalje som vart overrekt ho av Bergens ordførar, Marte Mjøs Persen. 


bilde av Torill Elin som holder en medalje

Torill Elin Olsen med Kongens Fortjenstmedalje

Torill Elin Olsen vart heidra for si unike innsats for pasientar innan faget stomi og avføringsinkontinens. I tillegg til hovedpersonen sjølv, var altså ordførar, nestleiar for SiSK, administrerande direktør i Helse Bergen, klinikkdirektør ved Kirurgisk klinikk, kollegaer, vener og familie tilstades for å feire Olsens utmerking.

Medaljen

I statuttane for Kongens Fortjenstmedalje står følgende: 
Medaljen utdeles for særleg fortjenstfullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg tjeneste, kor innsatsen har ligget betydeleg over det normale, og kor vedkommande også har vist aktivt samfunnsengasjement utover si arbeidsinnsats.

- På vegne av Hans Majestet Kongen, er det en ære, og glede, å dekorere deg med Hans Majestet Kongens Fortjenstmedalje, sa Persen då ho gav medaljen til Olsen. 

- Di fremragande innsats gjennom ein heil yrkeskarriere innenfor stomi og inkontinens har gitt mennesker glede, god helse og gode liv. Du har ein unik kompetanse båe nasjonalt og internasjonalt. Torill, du er fagområdet på dette i Noreg, fortsatte ordføraen. 

Tabubelagte tilstander
Olsen vart tildelt medaljen 10. juli for eineståande innsats innan sitt fagområde i Noreg. I grunngivinga beskrives hennar glødande engasjement, uthald og kamp for personer med tabubelagte tilstander samt hennar bidrag for å styrke kunnskapsbasert praksis og fagleg forsvarlegheit innan stomi- og inkontinenspleie.

- Det er så imponerande at du har stått rundt dette fagfeltet i alle desse åra. Du har valgt å vere stabil og tru mot ei pasientgruppe og eit fagområde, kanskje nokon gonger på tross av at det ikkje hadde den statusen som det skulle hatt, sa administrerande direktør for Helse Bergen, Eivind Hansen, i si tale.

Nybrotsarbeid
Etter å ha auka eigen kompetanse innan stomifaget etablerte Olsen i 1998  Stomiklinikken ved HUS, og ho har siden hatt dette som si hovedarbeidsplass. Stomiklinikken behandler båe stomiopererte og inkontinente pasientar som er innlagt eller møter til poliklinisk time.

Ho var også med i etableringa  av SiSK - NSFs faggruppe for sykepleiere i stomi- og kontinensomsorg. Der var ho med i interimsstyret og vart etter kvart leiar i heile 12 år.

- Det var vi i styret i SiSK som nominerte deg til medaljen, og vi er sprekkferdig av stoltheit for at vi fekk det til. Litt utruleg at ingen har gjort det før, sa nestleiar i SiSK, Vigdis Halvorsen Dagsland, til forsamlinga.

- I din yrkeskarriere har du alltid stått på dei svakastes side. Dei har vore ditt hjertebarn, og det var gjerne ikkje så rart at stomi, og etter kvart og inkontinenspasientane, var dei du engasjerte deg spesielt i, fortalde Dagsland.

Har talt pasientens sak
Også direktøren ved Kirugisk klinikk gratulerte Olsen. 
- Eg har ikkje arbeidd med deg Torill, men eg har kjent til ditt arbeid. Eg har møtt pasientane dine, og dei har gitt meg eit eintydig inntrykk av at arbeidet du har gjort har vært utrolig viktig. Dette er gjerne eit problem som skjules litt og snakkes lite om, og difor har ditt engasjement vore ekstra viktig, sa John-Helge Heimdal.