To prisar for deliriumsforsking

Forsking på delirium har vore sentralt i forskingsgruppa PROCARD i mange år. No vekkjer arbeidet deira merksemd, både nasjonalt og internasjonalt.

I mars 2018 gjennomførte forskingsgruppa PROCARD  ei punktprevalensundersøking ved 14 utvalde avdelingar ved Haukeland Universitetssjukehus. Formålet med studien var å screene alle pasientar i alder 65+ innlagt ved dei utvalgte avdelingane for delirium. Funn frå denne studien viste ein førekomst av delirium på 27 prosent.

Her kan du lese meir om PROCARD

To prisar

Ved EuroHeartCare- kongressen i Milano 2.-4. mai, vart funn frå punktprevalensstudien presentert.  Sjukepleiar Irene Instenes og kollegaer vann pris for Best Moderated Poster med tittelen: «Delirium in hospital elders: common, recognised and undiagnosed».Til saman leverte medlemmer av PROCARD-gruppa fire vitskaplege bidrag under kongressen, både moderated poster og tre posterpresentasjonar.

Her kan du lese meir om EuroHeartCare-kongressen i Milano

Den same Instenes og kollegaer vann også pris ved den Nasjonale kardiologiske sjukepleiarkongressen (NSF-LKS) i mai, då for beste poster med tittelen: «Every fourth patient 65+ suffers from delirium during hospital admission – a call for a validated screening program”.


-Det er veldig kjekt at vi har presentert funn frå punktprevalensundersøkinga ved Haukeland på både nasjonal og internasjonal kongress i vår, og ikkje minst kjekt at vi har vunne pris begge stader, seier professor Tone Norekvål, leiar av forskingsgruppa PROCARD og for Haukeland si forskingssatsing på pasientrapporterte data.


1 av 4 eldre sjukehuspasientar får delirium

Resultata frå punktprevalensundersøkinga har også blitt presentert internt på sjukehuset som grunnlag for vidare kvalitetsforbetringsarbeid.

 - Alle kan få delirium. Høg alder og demens aukar sjansen for å bli delirisk betydeleg, og ein av fire eldre sjukehuspasientar får delirium. Men delirium er framleis udiagnostisert i eit fleirtal av tilfella, som fører til at behandlinga ofte er dårleg, fortel Norekvål.

- Målet vårt er auka medvit, styrka kompetanse og redusert førekomst.

Som ledd i kvalitetsforbetringsarbeidet har forskingsgruppa også, i samarbeid med Seksjon Fag og utdanning, utarbeidd eit e-læringskurs om delirium som vil vere klart til bruk i løpet av hausten. I tillegg har dei saman med Seksjon eHelse laga eit screeninginstrument som per no er i ein uttestingsfase. Også her er målet å kunne ta verktøyet i bruk til hausten.

Kva er delirium?

*Delirium (tidlegare kalla "akutt forvirring") er ei rask nedsetting av hjernens funksjon. Det inneber ei blanding av redusert evne til å konsentrere seg, søvnigheit, agitasjon, hallusinasjonar og/eller endra oppfatningar.
 Delirium blir utvikla i løpet av timar eller dagar.

*Delirium skuldast hovudsakleg akutt sjukdom (perifert eller i hjernen), skadar (f.eks. hoftebrot), kirurgi, psykologisk stress (f.eks. endra omgivnader), eller uønska medikamentverknader eller abstinens.

*Alle kan få delirium. Høg alder og demens aukar sjansen for å bli delirisk betydeleg.

*Delirium er forskjellig frå demens. Delirium utviklar seg raskt, og varer vanlegvis nokre få dagar (20% har lenger varigheit). Demens utviklar seg sakte (månader) og kan stort sett ikkje reverserast. Personar med delirium er oftare døsige og / eller psykotiske.


Kan førebyggast

For helsepersonell kan pasientar med delirium opplevast utfordrande og vere ressurskrevjande å handtere. For pasienten sjølv og for pårørande er dette ein utfordrande situasjon som dei også kan bere med seg i lengre tid etter sjukehusopphaldet.

- Ved å auke innsikta og kunnskapen om delirium kan god og rett ivaretaking av denne pasientgruppa sikrast, seier Norekvål.

- Studiar har blant anna vist at delirium kan førebyggast i 30 prosent av alle tilfelle. 

PROCARD forskningsgruppa vil vidareføre arbeidet med innføre systematisk førebygging, identifisering av delirium i eit tidleg stadium, og fokus på gode behandlingsstrategiar.