HELSENORGE

To nye millionar til persontilpassa brystkreftbehandling

Haukelandlegane som forskar på hormonbehandling for brystkreft har fått to millionar kroner frå Grieg Foundation for å fortsette arbeidet med studien Petremac.

Studien viser at pasientar med hormonfølsam brystkreft får god effekt, færre biverknader og treng mindre inngripande kirurgi når dei får hormonbehandling i staden for cellegift.

Har funne genfeil

Basert på tidlegare midlar frå Grieg Foundation har legane gjennomført heil-genomanalyser av dei ti mest interessante svulstane i gruppa av pasientar med hormonfølsom brystkreft. Resultata herfrå har medført at dei har ei komplett oversikt over dei genfeila som peikar på svulstar som responderer eller ikkje responderer på hormonblokkerande behandling.

- Betyr mykje

- Vi er veldig glade for meir midlar slik at vi kan fortsetje dette viktige arbeidet. Det inneber at det kan utførast heil-genomsekvensering av prøvar frå 40 nye pasientar. Dette kan gjera dei resultata vi fekk i fjor meir robuste, eventuelt kan det gi nye resultat. Praktisk kan det bli brukt i behandlinga ved at det kan identifisere pasientar som kan få hormonbehandling i staden for cellegift, og dermed unngår dei biverknadene frå cellegift, seier overlege Turid Aas i Kirurgisk klinikk og overlege og professor Hans Petter Eikesdal i Kreftavdelinga på Haukeland.

Les meir om Petremac-studien