Streikeuttaket gjeld stort sett tilsette som arbeider med ulike typar drift av sjukehuset. Pasientar blir bedne om å møte om til timar som normalt.
Streiken fører blant anna til:
- Pasientreiser
Avdeling for pasientreiser er berørt av streiken. Åpningstida vil tidvis bli noko redusert på telefon 915 05 515 og ved betjeninga av Pasientventearealet i Sentralblokka.
Sjølve transporten blir ikkje berørt. Det kan bli lengre ventetid på telefonen.
Vi vil holde behandlarar og pasientar fortløpande orientert om status via telefonsvarar på 915 05 515.
- Café3 i tredje etasje i Sentralblokka er stengd. Café Foajé i foajéen er open.
- Pasientbiblioteket har redusert opningstid. Biblioteket er berre ope tirsdagar og torsdagar mellom kl 15 og 17.30.