Møt til timen på Augeavdelinga om du ikkje har fått telefon om noko anna

Ein tilsett ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus har testa positivt for covid-19, og 13 andre medarbeidarar ved avdelinga er sett i karantene. 

Tilsett ved Augeavdelinga på Haukeland testa positivt. Smittesporing pågår, og det er foreløpig ikkje noko som tyder på at vedkommande er smitta på sjukehuset. Ingen pasientar er isolert eller satt i karantene, men augeoperasjonar neste veke kan bli flytta eller utsatt på grunn av mangel på personell.

  • Alle pasientar som blir berørte vil bli kontakta direkte og vi legg ein ny plan for operasjon.
  • Alle andre pasientar kan møte til time som planlagt på Augeavdelinga.
Vi er i dialog med samarbeidande sjukehus for å sikre kapasitet til augeoperasjonar som ikkje kan utsetjast og pasientar som krev øyeblikkeleg hjelp, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.