Tilbodet ved Ortopedisk rehabilitering i Augebygget flyttar til Nordås

Tilbodet om rehabilitering og poliklinisk oppfølging for pasientar med dysmeli, og for pasientar etter amputasjon, vert ein del av Fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås frå 22. mai.

Eksteriør Nordås. Foto
 

  • ​Elektroniske tilvisingar kan sendast til AFMR henvisningsmottak.
  • Pasientar som har fått plass eller time vil få tilsendt brev med praktisk informasjon. 

Om Avdeling Fysikalsk medisin og rehabilitering

Fysikalsk medisin og rehabilitering er ein medisinsk spesialitet som omfattar diagnostikk, behandling og rehabilitering hos personar som på grunn av medisinske lidingar har eller står i fare for å få langvarig funksjonshemming.

Avdelingen er lokalisert på Nordås og består av to sengepostar og eit omfattande poliklinikktilbod.

Les meir om Avdeling Fysikalsk medisin og rehabilitering

Adresse

Nordåsgrenda 4
5235 Nordås

Her finn du oss - kart og bilde

Buss og bane

Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen. Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.