- På sjukehuset har vi gradvis trappa ned koronarestriksjonane i tråd med endringar i smittesituasjon og tiltak nasjonalt og lokalt. For dei aller fleste nærmar vi oss ein meir normal kvardag. Slik er det også på sjukehuset. No kan du komme på besøk i visittida utan å avtale på førehand, og kravet om avstand gjeld ikkje lenger, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
Sjølv om sjukehuset opnar meir opp, er det fortsatt behov for å ta omsyn til både smittevern og andre pasientar ved besøk.
- Vi har ikkje overordna reglar for kor mange som kan besøke pasienten, eller kor lenge dei kan vere på besøk. Dette vil variere etter situasjon og kva lokale som er tilgjengelege. Det vil til dømes vere enklare med besøk på einerom enn i dei tilfella der pasienten deler rom med andre. Vi oppmodar generelt pasientar og pårørande til å vurdere om besøket kan vente til pasienten kjem heim, seier Hansen.
Influensasesong og RS-virus kan i tida framover føre til endringar i reglar ved enkelte avdelingar på sjukehuset.
Ein kan følge – barn kan få to
Pasientar som har behov for det kan ha med seg ein person ved polikliniske konsultasjonar eller når dei møter til innlegging.
- For å få god plass til alle pasientane og ta i vare omsynet til smittevern og personvern, kan kvar pasient berre ha med seg ein person. Barn og unge kan no ta med seg begge føresette, seier Hansen.
Personar som skal på besøk og følge, må vere friske når dei kjem til sjukehuset.
- Har du nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande, må du halde deg heime. Du kan heller ikkje komme til sjukehuset dersom du er i karantene. Sett deg inn i reglane før du kjem, og hugs god handhygiene. Då skal dette gå bra, seier Hansen om den etterlengta opninga av sjukehuset.
- Vi går no frå dagleg rapportering til å gje ut tala kvar måndag og fredag. Dette er ein naturleg utvikling på veg mot normalen, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.