Etter at den multiresistente varianten av bakterien Acinetobacter vart påvist hos ein femte pasient på Brannskadeavdelinga for halvanna veke sidan, har ein unngått å ta nye brannskadepasientar fysisk inn på avdelinga. Dei har i staden fått brannskadebehandling andre stader i sjukehuset. No er Brannskadeavdelinga vaska ned og desinfisert, og nye brannskadepasientar kan igjen få behandling her.
- Vi reknar med normal drift frå fredag av, seier avdelingsoverlege Ragnvald Ljones Brekke ved Brannskadeavdelinga.
Det er ingen av dei smitta pasientane som er sjuke av bakterien. Men fordi brannskadepasientar er ei særskild sårbar gruppe for å få infeksjonar med denne bakterien, er tiltaka strenge for å hindre vidare smittespreiing.
- I tillegg til at vi no har vaska ned og desinfisert avdelinga, vil vi halde fram med prøvetaking av brannskadepasientar for å overvake førekomsten av Acinetobacter-bakterien, seier Brekke.
Utbrotet har berre berørt Brannskadeavdelinga. Acinetobacter-bakterien rammar typisk brannskadepasientar, med store sår og lang behandlingstid.