Takk til dei som forstår ein uforståeleg kvardag

- De gjer ein utruleg viktig jobb. De gir oss kreftpasientar eit liv midt oppi kaoset, frykta og sorga som følgjer med diagnosen.

Ei glad og takknemleg Kari Kraavik, flankert av Ingrid Bernath frå Pusterommet (til venstre) og Mirjam Østevold på Vardesenteret.

Det sa Kari Kraavik, som var ferdig med brystkreftbehandling for vel to månader sidan, då ho denne veka var tilbake på Haukeland og møtte Mirjam frå Vardesenteret og Ingrid frå Pusterommet, Kreftsenter for opplæring og rehabilitering.


Med seg hadde ho ei pengegåve på 56 000 kroner, frå innsamlingsaksjonen «Gå for livet». For knappe to veker sidan var Kraavik på Galdhøpiggen, saman med mann, søster, dotter – og det ho påstår er Norges tøffaste damer, nemlig andre som har blitt behandla for brystkreft ved Haukeland universitetssjukehus.

- Det er ei tid for alt og no er det tid for å gi litt tilbake til mange av dei som har hjelpt meg og andre gjennom ei tøff tid, seier Kraavik.

Kunnskapsrikt treningssenter

I forkant av turen til Galdhøpiggen oppretta ho ein konto som vart delt med flest mogleg via både sosiale media, venner, kjente og lappar på nærbutikken. Beløpet som kom inn skulle uavkorta gå til Pusterommet og Vardesenteret, likt fordelt, då ho returnerte frå Noregs høgste fjell.

- Pusterommet på Haukeland er eit utruleg kunnskapsrikt treningssenter, seier ho.

- Der er speil bytta ut med latter og motivasjon, kurs og samhald.  Skremmande biverknader blir handtert og ufarleggjort, og tilbakevending til kvardagen blir hylla. Og når de klarer å motivere ein sofagris som meg til å trene, klarer de å motivere alle!

Utfyller kvarandre

Kraavik snakkar like varmt om Vardesenteret.

- Det er ein møtestad som absolutt lever opp til namnet sitt om å vere eit ressurssenter og ein  fristad, seier ho.

- Blant dei fantastiske menneska ein møter der er det ei medmenneskelegheit og forståing for både pasientar og pårørande, som gir håp og stabilitet i ein skremmande og turbulent fase i livet.

Ifølge Kraavik komplementerer dei to tilboda kvarandre på ein eineståande måte, og saman med resten av avdelingane i Parkbygget på Haukeland dannar dei ei trygg hamn av håp for både pasientar og pårørande.

- Viss du først skal få brystkreft, bør du bu i Bergen, seier Kraavik.

- Her blir du tatt vare på frå dag 1.

Vil motivere og inspirere

For rådgivar og stråleterapeut Ingrid Bernath på Pusterommet og senterkoordinator Mirjam Østevold på Vardesenteret, er dei gode orda minst like viktige som pengegåva.

- Det betyr så mykje for oss å få slike tilbakemeldingar som du kjem med no, seier Mirjam.

- Det både motiverer og varmar, supplerer Ingrid.

Kraavik har ingen krav til bruken av pengane, men er sikker på at det vil bli gjort kloke val til beste for andre som må gjennom det same som ho har opplevd.

- Eg håper min historie kan motivere andre, slik de har motivert og inspirert meg, seier ho.