Suksess for ELAN i Energisenteret

Fredag og lørdag var over 100 barn og unge på datapartyet ELAN i Energisenteret.  - Ein braksuksess, seier initiativtakar Paul Joachim Thorsen.

I to heile dagar var barna og ungdommane samla for å spele dataspel, trene, klatre og svømme i bassenget.
Ei samling ikkje berre for å spele dataspel, men òg for å lære meir om trening og kosthald. Samlinga sitt hovudmål er å finne nye meistringsarenaer for barn med psykiske utfordringar.

Det var rigga til med pultar, skjermar og maskiner, og fredag var det full aktivitet for å få alt på plass. Gymsalen i Energisenteret var pynta med lys og effektar, slik det skal vere på eit skikkeleg dataparty.

Det er aller første gong ein har arrangert eit slikt arrangement i Energisenteret.

-Eg er utruleg takknemleg for å jobbe i ein organisasjon som er så modige at dei vågar å satse på noko så nytt og innovativt, seier seksjonsoverlege og initiativtakar Paul Joachim Thorsen.
- Mitt inntrykk er at vi har sprengt nokre grenser i forhold til kva vi tidlegare trudde var mogleg for å bidra til trygg meistring for ei gruppe unge som verkeleg treng det.

Det er Klinikk psykisk helsevern og barn og unge som har stått bak, samen med Energisenteret. I tillegg har mange einingar og enkeltpersonar bidratt med innspel og arbeidstimar for å få det heile til å gli smertefritt.

- Energisenteret yrte av liv og røre, seier ei entusiastisk Torhild Vedeler, leiar av Energisenteret for barn og unge.
- Nokon spelte på PC, andre på VR, nokon bordtennis og andre piano. Det var mange arenaer ein kunne meistre på, og for ei oppleving av meistring! Vi som er litt eldre har mykje å lære. Slik innovasjon skal vere i førarsetet i Energisenteret.

Blant gjestene som stakk innom i helga var dei to viseadministrerande direktørane Randi-Luise Møgster og Clara Gjesdal. Dei to fekk prøve både VR-briller og VR-sykling.