Styrkjer arbeidet med samhandling

Grete Lill Hjartnes (50) blir leiar for Seksjon samhandling frå 2. januar 2019. 

Randi-Luise Møgster og Grete Lill Hjartnes

Gler seg til samarbeid om samhandling: Viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster og påtroppande seksjonsleiar for samhandling, Grete Lill Hjartnes.

Hjartnes er i dag sektorleiar Helse og omsorg i Samnanger kommune. I tett samarbeid med viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster skal ho frå nyttår av vere den som bygger opp ein ny seksjon for samhandling i Helse Bergen, og eit breitt engasjement for fagfeltet i sjukehuset.

Byggje vidare

- Det føregår alt veldig mykje bra innan samhandling i Helse Bergen. Det skal vi byggje vidare på og styrke ved å opprette ein ny seksjon, seier

Møgster, som er svært glad for å ha fått Hjartnes med på laget.
- Ho har brei kompetanse innan feltet og deler sjukehuset sine visjonar. Eg ser fram til at ho skal tiltre i januar. 

Brei erfaring

Grete Lill Hjartnes var ferdig utdanna sjukepleiar i 1994, og gjekk rett frå studiar til jobb som avdelingsleiar i Øystese i Kvam kommune. Etter det har ho vore soneleiar innan Helse og omsorg på heimstaden Norheimsund, og frå 2004 til 2015 var ho Pleie- og omsorgssjef i Samnanger kommune. Tida fram til nyttår skal ho bruke til å avslutte jobben som sektorleiar Helse og omsorg i same kommune.

- Både som pleie- og omsorgssjef og som sektorleiar får du ein inngåande kjennskap til alle deler av helse- og omsorgssektoren i ein kommune, frå helsestasjon til sjukeheim, seier den påtroppande samhandlingssjefen.
- Kommunen er òg så liten at eg kjenner systemet heilt inn til brukaren. Det trur eg kan vere ein fordel når eg no skal jobbe med samhandling mellom kommune og sjukehus, seier Hjartnes.

Brenn for samhandling

Ein fordel er det òg at Hjartnes har vore med i samhandlingsarbeidet mellom sjukehus og kommune sidan starten. Ho har deltatt i samarbeidsutvalet for Bergensregionen sidan oppstarten i 2006 , og har vore både leiar og nestleiar.
- Eg brenn for samhandling, understrekar ho.
- Eg er opptatt av å skape gode samarbeid på tvers og trur eg har mykje å bidra med. Eg har alt mange idear og innspel frå kommunane til sjukehuset, og eg vil ta innspel frå sjukehuset tilbake til kommunane.

Det første Hjartnes ønskjer å ta tak i som seksjonsleiar for samhandling på Haukeland, er rutinane for inn- og utskriving av pasientar.
- Her blir det gjort mykje godt arbeid, men eg ser òg nokre forbetringspunkt, seier ho.

Ønskjer innspel

Sjukehuset si samhandling med kommunane handlar om å lage gode system for å sikre god og heilskapleg pasientbehandling. Ein samhandlingsstruktur for arbeidet finst alt, men opprettinga av ein eigen seksjon for samhandling er nytt.

- Seksjonen blir oppretta på nyåret, fortel viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster.

- No framover ønskjer vi å invitere medarbeidarar i heile organisasjonen til å kome med innspel og refleksjonar rundt samhandling. Vi er opne for innspel og lyttar gjerne til alle som har idear om korleis vi kan gjere samhandlinga mellom oss og kommunane endå betre.