Studentar og auka smitte

Bergen kommune oppfordrar studentar som har vore på samankomstar der smittevernreglane ikkje vart etterlevd, om å gå i sjølvpålagt karantene i ti dagar etter samankomsten.

​Studentar er varsla frå utdanningsinstitusjonen sin om tiltak iverksett av Bergen kommune, og er oppfordra til å følgje anbefalingar om sjølvpålagt karantene også når dei skal i praksis/klinisk undervisning i sjukehusa. Studentar som vurderer å gå i karantene er bedne om å ha dialog med sin kontaktperson ved sitt universitet/høgskule for å avklare situasjonen sin.
https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/koronavirus/siste-nytt/oppfordrer-studenter-som-har-vart-pa-fest-om-a-ga-i-karantene

Framtidige kollegaer

Studentane som i dag er i praksis/klinisk undervisning er våre framtidige kollegaer, og Helse Bergen vil gjere sitt ytterste for å sikre studieprogresjon og ei god utdanning, samtidig som nødvendige smittevernomsyn vert ivaretatt.
-Gjennom informasjon, kunnskapsdeling og godt samarbeid ønsker vi å bidra til at studentar viser aktsemd, på same måte som vi oppfordrar våre tilsette til å gjere, seier fagdirektør Marta Ebbing

Dersom det blir eit større tal studentar i praksis/klinisk undervisning som går i karantene vil Helse Bergen i dialog med Universitetet i Bergen, Høgskolen på Vestlandet og VID komme med anbefalingar om korleis desse kan følgast opp slik at dei kan oppretthalde studieprogresjonen sin.

For meir informasjon frå UiB: https://www.uib.no/korona/137994/ti-dager-karantene-etter-studentfester

og HVL  https://hvl.no/student/praksis/helseogsosial/korona-og-praksis-hausten-2020/


Studentaktivitet hausten 2020