Studentar i sjukehuset

Vi planlegg for fortsatt utdanningsaktivitet i sjukehuset for prioriterte grupper av studentar/elevar.

Beredskapsleiinga i Helse Bergen har vedtatt at det i samarbeid med UiB, HVL, VID og fagskular/vidaregåande skular skal gjennomførast ordinær utdanningsaktivitet i sjukehuset for prioriterte grupper av studentar/elevar.

Bakgrunnen for dette vedtaket er følgande:

  • Ein antatt ikkje-smittsam, frisk student skal ikkje behandlast på andre måtar enn ein antatt ikkje-smittsam, frisk tilsett.
  • Smitteutbrotet i Bergen kan ikkje knytast spesifikt til helsefagstudentane som gruppe.
  • Vi har gode rutinar for prescreening og oppfølging av studentar
  • Vi har tett kontakt med Universitets- og høyskole- sektoren med beredskapsmøte kvar veke, der ein følgjer situasjonen med tanke på  smitteutbrot.
  • Det er viktig å få gjennomført prioritert praksis for å oppretthalde normal studieprogresjon, sikre rekruttering av helsepersonell og hindre etterslep på pasientnær praksis og klinisk undervisning.

Interne retningslinjer skal følgast, og studentar skal informerast særskilt om sine plikter via utdanningsinstitusjonane sine.

Vi har etablert eigne rutiner for å følge opp dette i praksis:
Covid-19 smittevern for pasientnær praksis og klinisk undervisning i Helse Bergen.

For meir informasjon, ta kontakt med Hilde Nesse ved Seksjon for fag og utdanning.