Strenge tiltak i Bergen og omegn – Haukeland og Haraldsplass innfører besøksstopp og skallsikring av alle bygg

Begge sjukehusa innfører blant anna besøksstopp fram til og med 21. februar. – Vi vil likevel understreke at det er trygt å kome på sjukehuset og at pasientar må komme til timar som planlagd, seier administrerande direktør Eivind Hansen ved Haukeland og administrerande direktør Kjerstin Fyllingen ved Haraldsplass.

​Søndag blei det kjent at det blir innførd strenge tiltak i Bergen og mange av nabokommunane. Du finn ei komplett oversikt over tiltaka på heimesidene til Bergen kommune.

Etter eit beredskapsmøte søndag formiddag mellom Haukeland og Haraldsplass Diakonale Sykehus blei det bestemt at sjukehuset følger opp med følgjande tiltak:

Midlertidig besøksstopp

Det blir innført besøksstopp frå mandag morgon og ei veke framover. Dette gjeld ikkje besøkande til pasientar i livets siste fase, naudsynte følgjepersonar og partnar til fødande/barselkvinner og foreldre eller føresette til barn og unge. Naudsynte besøk må avtalast direkte med avdelinga. Det blir gjort individuelle vurderingar av kva som blir rekna som naudsynte besøk. Det å kome til sjukehuset er rekna som ei naudsynt reise. Våre smittevernrutinar er til for at sjukehuset skal være ein trygg stad for alle som kjem behandling. Det blir innført skalsikring av alle bygg med vektarar i døra som eit ekstra tiltak.

- Alle pasientar blir grundig screena når dei kjem til sjukehuset. Ved symptom, blir pasientane testa for covid-19 og behandla med isolasjon og fullt smittevern regime inntil prøvesvar er klart, seier administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale sykehus, Kjerstin Fyllingen.

- For mange er det heilt avgjerande for eiga helse at dei kjem til oppsett time. Dei skal vite at det er trygt å komme til sjukehuset og at slike timeavtalar blir rekna som heilt naudsynte reiser til og i Bergen, seier Hansen.

Har du symptom på korona-smitte, har vært i nær kontakt med ein smitta, sit i karantene eller isolasjon, skal du kontakte sjukehuset for å få ny time.

Laboratoriekapasitet
Haukeland har bemanna opp helge-kapasiteten på Mikrobiologisk avdeling og har god kapasitet for analyser av koronaviruset og mutantantar (sekvensering).

Telefonkapasitet
Sentralbordet på Haukeland aukar bemanninga. Alle avdelingar og poliklinikkar må sørge for å ha nok kapasitet til å kontakte pasientar og svare pasientar og pårørande som tar kontakt.

Heimekontor
Alle i Helse Bergen og Haraldsplass som kan utføre arbeidet sitt heime utan at det går utover kvaliteten på arbeidet skal ha heimekontor. Heimekontor skal avklarast med næraste leiar. Andre tilsette skal møte på jobb som vanleg.

Kollektivtrafikk
Sjukehusa er i tett kontakt med Skyss for å sjå korleis tiltaka påverkar kollektivtrafikken og våre tilsette som tar buss eller bane til jobb.

Skyss beholder rutetilbudet slik det er, inkludert ekstraavgangene til og fra Haukeland. Nedstengingen i samfunnet nå er svært omfattende, og erfaringsvis vil dette føre til at reisetallene vil bli enda lavere enn 50 prosent av normalen, slik at det etter all sannsynlighet blir romslig på de fleste avganger. Skyss vil samtidig overvåke passasjertallene nøye fremover, slik at de kan vurdere om det er behov for å sette inn ekstraavganger på bestemte strekninger eller tidspunkter.

Barn og unge
Tenester til barn og unge skal prioriterast så langt det er råd.

- Det er viktig at vi prioriterer tenester til barn og unge. Tiltaka som no blir sett i verk i kommunane treff og dei unge, difor er det viktig at vi klarar å halde våre tenester i gang, seier Eivind Hansen.

Frivillige
Frivilligtenesta ved begge sjukehusa blir satt på vent medan dei nye tiltaka gjeld i Bergen.

Utdanning/praksis
Det kjem meir informasjon om konsekvensar for klinisk utdanning og praksis på sjukehusa seinare.

Møter og kurs
Fysiske møter må gjerast digitale om mogeleg. Møteaktivitet som kan utsetjast må utsetjast.

For meir informasjon:

Pressevakt Helse Bergen, tlf: 95 89 04 45

Haraldsplass Diakonale Sykehus, Ingrid Lovise Færøyvik
Kommunikasjonsdirektør
Mobil 97 95 30 74.