HELSENORGE

Streiken: Varsel om opptrapping

Helse Bergen har måndag motteke varsel om at ytterlegare 19 tilsette blir tatt ut i streik frå fredag av, alle legar. 
Frå før av er 29 tilsette tatt ut i streik. Sidan streiken starta onsdag i førre veke, er 33 operasjonar og 117 polikliniske konsultasjonar utsett.

Informasjonen til pasientar er som før: Pasientar møter til time som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna.​