Streiken stoppa: Pasienthotellet opnar igjen onsdag morgon

- Pasienthotellet opnar igjen onsdag morgon. Det er vi glade for, seier Askjell Utaaker, divisjonsdirektør for Drift/teknisk divisjon.

Utaaker innrømmer at dei no pustar letta ut etter at regjeringa greip inn i den fastlåste konflikten mellom NHO og Sykepleierforbundet tysdag ettermiddag.

- Vi tar sjølvsagt ikkje stilling til sjølve arbeidskonflikten, men er glade for at streiken er over på vegne av pasientane våre. Det har vore ein vanskeleg periode der mange pasientar med krevjande behandlingar har måtta bu på hotell langt utanfor sjukehusområdet, og andre har blitt flytta rundt internt på sjukehuset. Det er godt at vi no kan tilby dei eit godt tilbod på pasienthotellet igjen, seier Utaaker.

Han rosar både pasientar, pårørande og tilsette  for å ha vore tolmodige og fleksible under streiken.