HELSENORGE

Streiken: Status fredag 16. september

I dag har ytterlegare 19 tilsette i Helse Bergen blitt tatt ut i streik, alle legar. Frå før av er 29 tilsette tatt ut i streik.

Sidan streiken starta onsdag i førre veke, er 61 operasjonar og 209 polikliniske konsultasjonar utsett.

Informasjonen til pasientar er som før: Pasientar møter til time som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna. 

- Vår viktigaste oppgåve er framleis å sikre at konflikten i minst mogleg grad rammar pasientane, men då sjølvsagt innanfor dei rammene avtaleverket gir. Streik er ein sentral del av norsk arbeidslivspolitikk og eit lovleg middel, og alle partar er tent med respektere dei spelereglane som gjeld, seier administrerande direktør Eivind Hansen.


Han er opptatt av tre viktige element for å sikre eit godt sjukehustilbod.

- Hovudoppgåva vår er å ivareta pasienttryggleiken. For å få til det, må vi ha gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vidare må vi sikre langsiktigheit i planlegginga av omsyn til pasientane. Vi har alle same mål: God og trygg pasientbehandling, seier Hansen.

Konsekvensanse av opptrappinga er først og fremst knytt til poliklinisk aktivitet.

- Så langt er streikeuttaket spreidd utover på ein slik måte at sjukehuset greier å handtere det med ein litt lågare aktivitet enn vanleg. Men vi må sjølvsagt følgje nøye med på kva konsekvensar opptrappinga får for våre pasientar. Det er uheldig at ventetida vil auke og at vi kan få fristbrot, men så langt er vår vurdering at vi driv verksemda utan fare for liv og helse, seier Hansen.

Tidligere saker om streiken:

311 pasientar råka av streiken så langthttps://helse-bergen.no/nyheiter/311-pasientar-raka-av-streiken-sa-langt311 pasientar råka av streiken så langtDet samla talet på avlyste operasjonar og polikliniske konsultasjonar i samband med streiken blant Akademikarane på Haukeland universitetssjukehus, var 311 måndag 19. september. 18.09.2016 22:00:00
Streiken: Status fredag 16. septemberhttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-status-fredag-16-septemberStreiken: Status fredag 16. septemberI dag har ytterlegare 19 tilsette i Helse Bergen blitt tatt ut i streik, alle legar. Frå før av er 29 tilsette tatt ut i streik. 15.09.2016 22:00:00
Streiken: Varsel om opptrappinghttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-varsel-om-opptrappingStreiken: Varsel om opptrappingHelse Bergen har måndag motteke varsel om at ytterlegare 19 tilsette blir tatt ut i streik frå fredag av, alle legar. 14.09.2016 22:00:00
Streiken: Pasientar møter som avtalt med mindre dei får beskjed om noko annahttps://helse-bergen.no/nyheiter/streiken-pasientar-moter-som-avtalt-med-mindre-dei-far-beskjed-om-noko-annaStreiken: Pasientar møter som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna29 medlemmar i Akademikerne er tatt ut i streik i Helse Bergen frå onsdag morgen. Det omfattar 25 legar og 4 frå andre yrkesgrupper. Pasientar møter til time som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna.08.09.2016 22:00:00