HELSENORGE

Streiken: Pasientar møter som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna

29 medlemmar i Akademikerne er tatt ut i streik i Helse Bergen frå onsdag morgen. Det omfattar 25 legar og 4 frå andre yrkesgrupper. Pasientar møter til time som avtalt med mindre dei får beskjed om noko anna.

​Streiken vil i første rekke ramme nokre pasientar som har avtalar på ulike poliklinikkar. 

I tillegg vil operasjonane på Kysthospitalet bli avlyst onsdag.
Administrerande direktør Eivind Hansen seier leeiinga jobbar på spreng for å finne gode løysingar.

- Vi ser no på ulike løysingar som ligg innanfor avtaleverket og som kan skjerme pasientane mest mogleg. Vi følger utviklinga nøye og rapporterer dagleg til fylkeslegen, seier Hansen.