Streik stenger Haukeland hotell

Haukeland hotell må stenge etter at meklinga mellom NHO Service og Handel og Norsk Sykepleierforbund ikkje førte fram. Fem sjukepleiarar som arbeider på hotellet er no tatt ut i streik og hotellet blir stengd frå og med fredag 26. oktober kl. 15.00.

Haukeland hotell

​Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen har avtale med andre hotell i Bergen slik at pasientar vil bli flytta/innlosjerte til desse, men situasjonen er likevel krevjande for pasientar og tilsette.

– Vi vil bruke avtalehotell i Bergen sentrum for pasientar som er medisinsk i stand til å benytte eit slikt tilbod, seier direktør for Drift/teknisk divisjon, Askjell Utaaker.

Han ber pasientar som bur på hotellet i forbindelse med behandling ved sjukehuset, om å ta kontakt med avdelinga dei tilhøyrer for meir informasjon.

– For mange av  pasientane  som er planlagt innlagt på Haukeland hotell vil alternativet vere innlegging på sengeavdelingane i sjukehuset. Her får vi kapasitetsproblem frå første dag og konsekvensen er at diagnostikk og behandling må utsetjast og det vil kunne oppstå fare for liv og helse, seier Utaaker.

Til vanleg er det flest kreftpasientar som held til på hotellet, men hotellet har òg pasientar frå nesten alle dei kliniske avdelingane på sjukehuset.