Vi oppmodar generelt pasientar og pårørande til å vurdere om besøket kan vente til pasienten kjem heim. Samtidig er det viktig for oss å legge til rette for besøk i sjukehuset. Følgande innstrammingar blir no innført:
- Besøkande må gjere avtale med avdelinga før besøk
- Kvar pasient kan kun ha to besøkande samtidig (rom for individuelle tilpasninger).
Frå tidlegare gjeld også følgande:
- Du skal benytte munnbind
- Du må ikkje komme på besøk om du er i karantene
- Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
- Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene